Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1293 fra stortingsrepresentant Bjørn Lødemel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Om Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy i Sogn og Fjordane

Eg viser til brev 8. mai 2013 frå Stortingets presidentskap vedlagd spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

Spørsmål
Fram til våren 2011 var det 4 tilsette ved Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy i Sogn og Fjordane. No er det 2 tilsette, og det blir berre 1 tilsett frå 1. juli. Kva skuldast denne ned-bemanninga, og kva vil skje med dette kontoret framover?

Svar
Ved omorganiseringa frå 1. januar 2004 av ytre etat i Toll- og avgiftsetaten blei Måløy tollsted ført vidare som ein ekspedisjons- og kontrolleining, og organisatorisk lagt under regiontollstaden i Bergen. Måløy var då bemanna med to tenestemenn. Bemanninga blei auka med ytterlegare to tenestemenn, til i alt fire. Dei to sist tilsette valde å slutte etter enda grunnutdanning og noko praksis. Toll- og avgiftsetaten har korkje i 2012 eller 2013 funne rom for ny rekruttering på Måløy. Etaten har måtta prioritere bemanning på stader med kritisk behov ut frå krava til dagleg drift og der kontrollbehovet gjer det naudsynt.

Kontrollfrekvens og resultat ved Måløy ekspedisjons- og kontrolleining har lege på eit moderat nivå, også før bemanninga blei redusert frå fire til to tenestemenn. Kontrollar blir i dag i stor grad utførde med assistanse frå Ålesund og Bergen. I første kvartal 2012 blei det ved eininga utført to varedeklarasjonar og sju innbetalingar av eingongsavgift i snitt per månad. I første kvartal 2011, siste kvartal med full bemanning, var talet ennå lågare. Det blei då utført i overkant av ein varedeklarasjon og fem innbetalingar av eingongsavgift i snitt per månad. Beslaga av ulovlege varer har i begge periodane vore marginale.

Toll- og avgiftsetaten må prioritere nærvær ut frå risiko og relevans, tufta på ei samla vurdering i etaten. Tolldeklarasjonar skjer i dag hovudsakleg elektronisk og gir etaten eit grunnlag for planlegging av kontrollar. Ein moderne tolladministrasjon, som den norske, er i stor grad mobil og baserer nærværet sitt på dei til ein kvar tid føreliggjande risikovurderingar. Eg har stor tiltru til at leiinga i Toll- og avgiftsetaten gjer dei riktige vurderingane for å sikre at etaten kan utføre pliktene og oppgåvene sine på ein god måte.

Med helsing
Sigbjørn Johnsen