Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2006. - Eit samla Storting har oppmoda regjeringa om å auke kvoten for fangst av vågekval. Kvoteauken på om lag 250 dyr frå i år til 2006 er såleis ei oppfølging av Stortingets vedtak, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Pressemelding

Nr.: 106/2005
Dato: 21.12.2005
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 22 24 26 68

Kvote for fangst av vågekval i 2006

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2006.

- Eit samla Storting har oppmoda regjeringa om å auke kvoten for fangst av vågekval. Kvoteauken på om lag 250 dyr frå i år til 2006 er såleis ei oppfølging av Stortingets vedtak, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Helga Pedersen understrekar at kvoten for 2006 er eit steg på vegen for å få til ei økosystembasert regulering av kvalfangsten.

Modellen som er nytta ved fastsetjing av kvoten er konservativ. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane meiner gir fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Kvoten for 2006 er samansett av ein årleg basiskvote på 745 og eit tillegg på 307 ufanga dyr frå fangsten i 2004 og 2005.

I 2006 vil fangarane få lov til å ta vågekvalkvoten ved Jan Mayen i ein større del av det reguleringsområdet som ligg til grunn for kvotefastsetjinga, enn dei har kunna hittil.