Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen 99 54 00 33/ 22 24 26 68

Det er fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2008. Kvoten er like stor som i 2007.

Det er fastsett ein kvote på 1052 dyr for vågekval­fangsten i 2008. Kvoten er like stor som i 2007.

Det vil i år òg bli tillate å ta inntil 900 dyr i områda langs kysten og ved Svalbard. Resten av kvoten kan takast i sona ved Jan Mayen. Som i fjor vil det bli restriksjonar på fangsten i området mellom Stad og Mehamn. - Dette heng saman med at 2008 er siste år i den femårige forvaltningsperioden, og vi må syte for at fangsten gjennom heile perioden er fordelt i samsvar med det regelverket vi legg til grunn for kvoteberekninga, seier statssekretær Vidar Ulriksen. 

Modellen som er nytta ved fastsetjing av kvoten er konservativ. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane meiner gir fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Kvoten for 2008 er samansett av ein årleg basiskvote på 955 og eit tillegg på 97 av ufanga dyr frå fangsten i åra 2004 - 2007.