Historisk arkiv

Regulering av fisket etter tobis i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ei foreløpig forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2013. Forskrifta fastset eit forbod mot fiske etter tobis i norsk økonomisk sone.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ei foreløpig forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2013. Forskrifta fastset eit forbod mot fiske etter tobis i norsk økonomisk sone.

Havforskingsinstituttet har foreløpig ikkje kome med ei tilråding om totaluttak av tobis i 2013. Ei slik tilråding er venta å ligge føre i januar/februar 2013.

Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, kan norske fartøy heller ikkje fiske tobis i EU-sona.

Fiskeri- og kystdepartementet vil fastsetje ei endeleg forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2013 når det ligg føre eit vitskapleg råd frå Havforskingsinstituttet og EU-forhandlingane er avslutta.

Hele forskriften finnes på www.regjeringen.no/fkd