Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i internasjonalt farvatn i Norskehavet i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) sitt statistikkområde I og II utanfor nokon stats jurisdiksjon i 2013.

Reguleringane av fisket etter uer i ICES sitt statistikkområde I og II blir fastsett i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC. Det er forbode å fiske uer i første halvår. I perioden frå og med 1. juli til og med 31. desember 2013 kan fartøy frå medlemsstatane i NEAFC fiske ein samla kvote på 19 500 tonn.

Berre fartøy som har rett til å delta i dette fisket i år, vil kunne delta i 2013.

Hele forskriften finnes på www.regjeringen.no/fkd