Historisk arkiv

Opninga av Vardø trafikksentral

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen tale i rådhussalen i Vardø 23.1.2007

Opninga av Vardø trafikksentral

Statssekretær Vidar Ulriksen i Vardø 23.1.2007

Tale i rådhussalen i Vardø

Gode gjester

Det er ei glede for meg å sjå at så mange har hatt høve og ønske om å delta på denne spesielle dagen.

På vegne av Fiskeri- og kystdepartementet er det ei stor glede for meg å ønskje alle velkomne til opninga av Vardø trafikksentral. Dette er ein viktig dag både for departementet og for Kystverket i arbeidet vårt med førebyggjande sjøtryggleik og oljevern. Det er sjølvsagt også ein viktig dag for heile Nord-Norge og ikkje minst for Vardø.

Regjeringa ser på nordområda som eit av dei fremste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Min kollega, statssekretær Liv Monica Bargem Stubholt, vil kome nærare inn på regjeringa sin heilskaplege nordområdestrategi.

Like viktig som å ha tilgang på naturressursar er mulegheita til å kunne transportere produkta ut til internasjonale marknader.

Eg vil understreke at ein viktig faktor for å kunne nytte det enorme ressurspotensialet i nordområda er at det blir lagt til rette for effektive og sikre transportkorridorar.

Eg er glad for å kunne seie at i dag er nok eit viktig element i regjeringa si satsing på sjøtryggleik og beredskap i nord på plass. For 350 år sidan vart det første navigasjonsfyret tent ved Lindesnes på sørspissen av Norge. Ved årsskiftet vart Bøkfjord fyr på austsida av Varangerfjorden, avbemanna som det siste av 107 fyr langs norskekysten.

Vi har framleis bruk for at nokon følgjer med skipstrafikken til sjøs. Folk som ser, tenkjer og reagerar, dersom noko uvanleg skulle skje.

Derfor opprettar vi trafikksentralar.

Trafikksentralane si viktigaste oppgåve er å overvake og rettleie skipstrafikken for å førebyggje at farlege situasjonar oppstår og dermed hindre ulukker.

For halvanna veke sidan hadde vi eit skipshavari på Vestlandet. Eg skal ikkje gå inn på det her, men berre kort nemne at det tok 15 minutt frå skipet ikkje lenger fylde vanleg lei, og til det stod på land. Sjølv om trafikksentralen greip inn og gjorde det dei skulle, var det ikkje tid til at hjelp kunne nå fram tidsnok til at skipet vart berga, men heldigvis vart alle om bord redda.

Vi har god erfaring med det solide arbeidet som blir utført ved Kystverkets andre trafikksentralar og ser fram til at trafikkleiarar no også er på plass i Nord-Norge.

Vi har jobba lenge og målretta for å få på plass eit heilskapleg system som gjer oss i stand til å møte dei utfordringane som den aukande oljeretta trafikken i nord fører med seg. Trafikksentralen er som nemnt ei viktig brikke. Dette er derfor ein gledeleg dag, og som kjem kort tid etter den førre store merkedagen i arbeidet vårt med styrke sjøtryggleiken i nord.

Seglingsleier

Like før jul fekk vi aksept frå medlemmene i FN`s sjøfartsorganisasjon IMO til å etablere seglingsleier utanfor territorialfarvatnet på strekninga Vardø-Røst.

I 2003 utvida Norge territorialfarvatnet frå 4 til 12 nautiske mil, og vi fekk dermed betre høve til å sikre viktige kyststatsinteresser. Som eit første tiltak etablerte Fiskeri- og kystdepartementet seglingsleier ut til territorialgrensa på strekninga Vardø-Nordkapp. Dette vart gjort for å sikre at skip med farleg last har ein minimumsavstand til kysten og for å kunne gi auka responstid. All erfaring syner at ved hendingar som kan innebere fare for liv eller miljø, er tid ein svært viktig faktor. Dersom eit fartøy kjem i drift er det viktig å ha tid til å kome fartøyet til hjelp før det når land.

Seglingsleier ut til territorialfarvatnet var berre eit første steg. Vi har i lang tid arbeidd med å auke responstida ytterlegare ved å flytte tankskipstrafikken lenger ut.

I desember viste arbeidet som sagt resultat og vi fekk aksept for å flytte seglingsleia ut til ca. 30 nautiske mil frå kysten på strekninga Vardø-Røst. Dette hadde vi ikkje fått til utan god hjelp frå vår nabo i aust.

Norge og Russland har felles interesser i ein god sjøtryggleik og beredskap i nordområda og eg er svært takksam for støtta frå Russland i denne saka.

Seglingsleisystemet gjeld formelt frå juli 2007. Tankskip og godsfartøy over 5000 brutto tonn, skal gå lenger ut frå kysten. Systemet består av åtte trafikkseparasjonssystem som er bundne saman av tilrådde ruter. Trafikksentralen i Vardø får ei viktig rolle med å sjå til at trafikken følgjar den fastsette leia. Reglane må følgjast dersom vi skal få eit effektivt system. For at trafikkleiarane skal kunne oppdage avvik så tidleg som muleg ligg seglingsleia innanfor dekninga av Kystverkets AIS-kjede, dvs. omlag 30 nautiske mil frå kysten.

AIS

Eg vil framheve AIS – det automatiske identifikasjonssystemet - som den viktigaste av fleire informasjonskjelder som trafikkleiarane rår over for å overvake og kontrollere skipstrafikken. Kystverket si etablering av landbaserte AIS-mottakarar langs heile kysten stod ferdig i 2005 og er omtalt som ein liten sikkerheitsrevolusjon langs norskekysten. Frå AIS-nettverket vil ein få informasjon om posisjon, kurs og fart til eit skip til ei kvar tid. Ved eit tastetrykk kan ein og få meir informasjon om skipet, som destinasjon og nasjonalitet. I tillegg vil ein gjennom meldings- og informasjonssystem ha oversikt over farleg last.

Teknologisk utvikling

Satellittbasert AIS er ei ny og spanande utvikling. Denne teknologien er enno i ein tidleg fase, men den vil kunne gje oss informasjon om skipstrafikken i store geografiske områder.

LRIT

Vi er også godt nøgde med at sjøfartsorganisasjonen til FN har vedteke at Det langtrekkande identifikasjons- og sporingssystemet LRIT (Long Range Identification and Tracking System) skal bli obligatoriske for fartøy over 300 bruttotonn. Dette systemet har ei langt vidare rekkevidde enn AIS, og supplerer altså AIS-systemet.

Samarbeid med Forsvaret

Tilgangen til Forsvarets ressursar er ei svært nyttig støtte i arbeidet vårt, og eg vil spesielt framheve det gode og nære samarbeidet vårt med Forsvaret innan sjøtryggleik og beredskap. Tilgangen Kystverket har fått til Forsvarets kystradarkjede er eit godt eksempel på dette. Radarbiletet er spesielt viktig som eit tillegg og ei støtte for AIS. Vi samarbeider også med Forsvaret for å oppretthalde ein tilstrekkeleg slepebåtkapasitet i Nord-Norge. Dersom trafikkleiarane oppdagar avvik er det heilt avgjerande at vi har ressursar å setje inn for å kome skip til hjelp. I 2003 etablerte Fiskeri- og kystdepartementet i samarbeid med Forsvaret ein statleg slepekapasitet i nordområda. Kystvaktfartøya speler her ei svært viktig rolle.

SafeSeaNet

Eg er glad og stolt over å seie at Kystverket ikkje berre gjer ein god jobb nasjonalt med å sikre sjøtransporten. Kystverket er også med i internasjonalt arbeid for å styrke sjøtryggleiken. Store ulukker som ”Erika” og ”Prestige” har sett sjøtryggleik høgt på den internasjonale agendaen. I EU er det særleg fokus på utvikling av regelverk som skal sikre betre tilgang på skipsinformasjon og utveksling av informasjon mellom statar.

EU har også kome langt i prosessen med å utvikle eit felleseuropeisk elektronisk system for innhenting og utveksling av informasjon om skipstrafikken, kalla SafeSeaNet. Noreg gir gjennom Kystverket sin kompetanse nyttige bidrag i utviklinga av systemet og er med og aukar forståinga for kor viktig eit slikt fellessystem mellom medlemslanda vil bli. Kystverkets innsats har medført at Norge vert rekna som eitt av landa med fremst ekspertise på området. Det kan også vere muleg å få til utveksling av data mellom SafeSeaNet og det russiske skipsrapporteringssystemet VICTORIA.

Med trafikksentralen på plass i Nord-Norge, i tillegg til blant anna seglingsleiene, AIS og statleg slepekapasitet, har regjeringa etablert eit heilskapleg system for sjøtryggleik og beredskap i nord.

Eit godt samarbeid med Russland er likevel heilt avgjerande for at vi skal lukkast med dette arbeidet.

Samarbeidet med Russland

Norge og Russland kan allereie vise til eit langt og nært samarbeid om sjøtryggleik og oljevern.

Det er lenge sidan Norge og Russland inngikk ein beredskapsavtale om felles nedkjemping av oljeforureining i Barentshavet. Sidan avtalen vart inngått har Norge og Russland jamleg utførd felles beredskapsøvingar, utvikla verneplanar og samarbeidd om utstyrsutvikling. Dette har vore til gjensidig nytte og eit viktig bidrag til styrking av oljevernberedskapen i nordområda.

I mars 2006 underteikna våre to land ein avtale om styrka sjøtryggleikssamarbeid i Barentshavet.

Dette var ein merkedag for nordområda og ei stadfesting av det gode samarbeidet som eksisterer. Avtalen legg grunnlaget for etablering av eit norsk - russisk meldings- og informasjonssystem Barents VTMIS - (Vessel Traffic Management and Information System).

Barents VTMIS er først og fremst basert på utveksling av data om automatisk identifisering av skip (AIS-data), og gir både Norge og Russland betre oversikt over kva fartøy og type last som trafikkerer området. Trafikksentralane i Vardø og Murmansk vil vere sentrale aktørar i samarbeidet om denne informasjonsutvekslinga og fungere som viktige informasjonsknutepunkt. Trafikkleiarane på begge sider av grensa vil i mykje større grad enn no kunne følgje sjøtrafikken før den kjem inn i eige farvatn. Ein vil på den måten ha betre høve til å oppdage avvik tidleg, og kunne setje i gong tiltak dersom det skulle vere nødvendig. Med tanke på auken i talet på transportar frå Nordvest-Russland som vi ventar dei kommande åra, er dette eit svært viktig framsteg.

Kunnskap om oljen sine eigenskapar er ein sentral føresetnad for å kunne handtere eventuelle utslepp av råolje. Norge og Russland har inngått et eit bilateralt samarbeid om forvitringsstudiar av slik olje. Ein annan del av samarbeidet rettar seg mot utvikling av nytt og betre utstyr for oljevern. Eg er også glad for at private aktørar som Statoil, tek ansvar for å styrkje det bilaterale samarbeidet vårt med Russland, og eg ser med interesse fram til Statoils presentasjon seinare i dag.

Norge og Russland har lang tradisjon for samarbeid i nord, også på fiskerisida. Vi har meir enn 50 års formalisert samarbeid om forsking og overvaking av det marine miljøet og dei levande marine ressursar, og 30 års samarbeid om felles forvalting av fiskeressursane gjennom Den norsk-russiske fiskerikommisjonen.

I Fiskeri- og kystdepartementet er vi nøgde med å ha kome så langt i eit gjensidig samarbeid med Russland, men vi ønskjer å utvikle det vidare. Vi legg vekt på å ha ein god dialog med våre naboar i aust. Dette gir både gjensidig læring og erfaring - og styrka sikkerheit til sjøs.

Ringverknader

Før eg avsluttar vil eg gjerne seie nokre ord om kva ringverknader regjeringa ser at trafikksentralen i Vardø kan få - utover trafikkovervaking.

Vardø kommune ligg strategisk til og er eit naturleg val for lokalisering av trafikksentralen. Sjølvsagt er regjeringa også oppteken av at trafikksentralen skal vere eit bidrag til ei positiv utvikling for Vardø kommune og regionen. Satsinga på auka aktivitet i Nord-Norge er ein vesentleg del av regjeringa sin Nordområdestrategi.

Vardø trafikksentral skal fungere som eit kontaktpunkt for å utvikle samarbeid mellom offentlege styresmakter og private aktørar og samarbeid med regionale russiske aktørar innan sjøtryggleik og oljevern i nord.

Fiskeri- og kystdepartementet er allereie godt i gong med dette arbeidet. Vi støtta prosjektet Vardøinitiativet i 2006 som skal utvikle synergieffektar frå etableringa av trafikksentralen. Prosjektet har som hovudmål å gi grunnlag for etablering av ei næringsklynge for sjøtryggleik og oljevern i tilknyting til drifta av trafikksentralen i Vardø. Vi har som mål å gjere kunnskapar og fasilitetar i Vardø tilgjengleg for interesserte næringar som blant annan oljeindustrien og dei som driv forskings- og utviklingsarbeid. Også i dette arbeidet er samarbeid med naboane i aust høgt på agendaen.

Avslutning/Framtidsutsikter

Eg ser lyst på framtida til den nordlege landsdelen vår. Trafikksentralen er eit viktig ledd i arbeidet for moderne transportforhold i nordområda. Her er rike naturførekomstar, både i havet og på sokkelen, og det gir håp for framtida. Sjølv om sjøtransporten aukar, vil bruk av topp moderande teknisk utstyr hjelpe oss med å gjere sjøtransport sikrare enn før.

Her er trafikksentralen viktig.

Kontaktar over landegrensene, og då særleg med Russland, skal pleiast og styrkjast ytterlegare.

Løyndomen til suksess er alltid å ville noko. Opninga av Vardø trafikksentral markerer Norges ønske om og initiativ til vidare utvikling av ein effektiv og trygg sjøtransport.