Historisk arkiv

Innlegg på årsmøtet til Norges Småkvalfangerlag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på årsmøtet til Norges Småkvalfangerlag 11. desember 2008, Svolvær.

11. desember 2008, Svolvær

Kjære årsmøtedeltakarar!

Nyheitsbildet i desse dagar ber diverre preg av mange alvorlege tema som på ulikt vis grip inn i kvardagen til kvar og ein av oss. Finanskrisa, terrorhandlingar og krig skremmer og manar til samhald og felles innsats. Det er den gode sida av det. Felles innsats gir styrke. Menneske imellom. Land imellom.

Det er ei anna krise under oppsegling. Nærast i all stillheit. Merkeleg nok. På jorda lever vi menneske over evne. Vi er i ferd med å overbefolke planeten vår. Følgjene av dette er at mange svelt og vi ser ei intensivert jakt etter råvarer til matproduksjon og stigande matvareprisar globalt.

FNs matvareorganisasjon FAO har rekna på det framtidige behovet for mat. For sjømaten sitt vedkommande ser organisasjonen for seg ei dobling av etterspørselen berre dei neste 20 åra. Dette er voldsomt og vil utan tvil også komme til å prege Norge i kraft av vår posisjon som havnasjon og storprodusent av sjømat.

Også kvalfangstnæringa vil merke denne utviklinga. Eg trur at både synet på kva som er ”etisk rett” mat og betydninga av ei heilskapleg økosystembasert forvaltning og hausting av dei marine levande ressursane vil sakte, men sikkert bli utfordra hos motstandarane våre i retning av vår måte å hauste av havet på.

For oss som myndigheiter og dykk som fangarar ligg det her både ansvar og mulegheiter. Vi har eit ansvar for å møte utviklinga med tydelege haldningar og med respekt for det aukande matbehovet i verda. Og vi skal sjå mulegheitene som ligg innanfor rammene av berekraftig hausting.

Dette har vi felles. Og for meg er det derfor særleg viktig at kvalfangstnæringa ser framover og kan vere einig om mål og tiltak for å møte små og store utfordringar. Vi politikarar er  avhengige av at de har eit gjennomtenkt syn på framtida. Og som fiskar ber eg ikkje om medvind heile tida. Men det må vere vind. Vind nok til ein god og jamn styrefart. Berre på den måten blir de og vi på myndigheitssida sterke og truverdige aktørar.

Forholdet til IWC

Regjeringa sitt engasjement i kvalsaka kviler i hovudsak på to pilarar. Seriøst vitskapeleg arbeid og etterleving av folkeretten.
Norge lever opp til sine folkerettslege plikter i internasjonalt samarbeid om forvaltning av kval gjennom å delta i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC.

Også Norges rett etter folkeretten til å hauste av dei levande marine ressursane, medrekna sjøpattedyra, innanfor dei store og rike havområda våre, er tufta på berekraftig forvaltning ut frå den best mulege vitskaplege kunnskap.

IWC funger i dag ikkje etter formålet sitt. Organisasjonen er låst fast av politiske motsetningar. Uavhengig av tilrådingane frå IWCs vitskapskomite er IWC ute av stand til å ta rasjonelle avgjerder om forvaltningsspørsmål.

Også IWCs 60. årsmøtet i 2008 var sterkt prega av motsetningane mellom kvalfangstlanda og motstandarane av kvalfangst. I lys av dette sette årsmøtet ned ei arbeidsgruppe (”IWCs framtid”) for å vurdere kva tiltak som kan bringe organisasjonen framover og inn i konstruktive samarbeidsformer.

Årsmøtet i 2009 vil truleg bli avgjerande for IWCs framtidige funksjon og funksjonalitet som forvaltningsorganisasjon.

Dersom IWC også i framtida viser seg å vere handlingslamma som forvaltningsorganisasjon, vil Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vere eit alternativ for å søkje internasjonale råd om fangstkvotar. NAMMCO har no fire medlemsland (Færøyane, Grønland, Island og Norge) og organisasjonen har sin eigen vitskapskomité som møtest årleg. Ei arbeidsgruppe under NAMMCO har gjort framsteg i arbeidet med å vurdere alternative forvaltningsprosedyrer til IWCs RMP.
NAMMCO har eit avgrensa internasjonalt medlemskap, men vil kunne bli eit viktig alternative til IWC dersom den noverande situasjonen held fram.

Utanriksdepartementet vil i morgon gi ein meir fullstendig gjennomgang av Norge sitt forhold til IWC.

Men no til utgangspunktet for neste års aktivitet. Kvoten.

Kvoten

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 885 dyr for vågekval-fangsten i 2009.

Kvoten er litt lågare enn i 2008. Dette har samanheng med at vi i 2009 går inn i ein ny forvaltningsperiode og ikkje kan overføre ubrukt kvote frå året før. Det er ikkje eit signal om at regjeringa går inn for å redusere fangsten. 885 dyr er med andre ord den årlege basiskvoten for femårsperioden 2009 – 2013.
Det vil i 2009 bli tillate å ta inntil 750 dyr i områda langs kysten og ved Svalbard. Resten av kvoten kan takast i sona ved Jan Mayen.

Kvoten er basert på bestandsstørrelsen ein kom fram til etter teljetokta i tidsrommet 2003 – 2007. Modellen som er nytta ved fastsetjing av kvoten er konservativ. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) meiner gir fullgod sikkerheit med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på. 

Lønnsemd i næringa

Dei siste tre åra har den årlege kvoten vore på 1052 dyr.

Som de veit vart det teke 546 kval i 2006,
597 i 2007 og
535 i 2008.

Grunnen til den relativt låge utnyttinga av kvoten fortel de er dels dårleg ver i deler av sesongen (2006), dels låge kvotar i nokre av fangstområda i 2007 og 2008 som følgje av stor fangst i desse områda tidlegare i forvaltningsperioden 2004 - 2008.

Lønnsemda i næringa er langt på veg avhengig av at de greier å ta flest muleg kval. Eg trur at den kvoten vi har fastsett i dag ikkje vil innebere eit hinder for dette. Eg håpar at de klarer å ta heile kvoten. Men større kvote kan vi faktisk ikkje fastsetje utan å bryte med IWCs vitskapskomité.

Regjeringas fremste bidrag til å sikre lønnsemd i næringa er i dag todelt. Vi arbeider for at RMP som prosedyre for kvotefastsetjinga i IWC blir oppdatert når ny forsking tilseier det. Vi står også på at vitskapskomiteen i behandlinga av soneinndelinga av norske farvatn baserer seg på det seriøse vitskaplege arbeidet som norske forskarar har lagt fram for komiteen. Desse to elementa har mykje å seie både for størrelsen på kvotane og for korleis fangsten skal regulerast.
Etter det eg skjønar er hovudessensen i arbeidet frå dei norske forskarane at analysen av genetiske data frå fangstane frå 2003-2006 tyder på at det berre er éin bestand i heile området der den norske vågekvalfangsten føregår. Dette svekkjer langt på veg grunngjevinga for soneinndelingane.

For oss er det i første omgang viktig at ”streken” ved 28-grader aust kan fjernast og dermed opne for ei meir rasjonell kvoteutnytting.

Vi ventar at vi på IWCs årsmøtet i juni 2009 får eit svar på dette spørsmålet. Vi avventar denne behandlinga og vil basere oss på den vitskaplege tilrådinga. Dersom tilrådinga ikkje fører til at Mehamnstreken blir oppheva, vil vi drøfte situasjonen med dei norske forskarane. Grunngjevinga frå vitskapskomiteen vil i så fall vere avgjerande for kva vi skal gjere.

Lars Wallø vil i morgon gå grundig inn på dette og andre diskusjonar i vitskapskomiteen.

I samband med diskusjonen om lønnsemda i næringa vil eg nemne ei anna side som myndigheitene er opptekne av.

Ved innføringa av tekniske kontrolløysingar - ferdskrivar - for fartøya har vi gjort det enklare å vere kvalfangar. Kort sagt slepp de no å ha ein inspektør om bord og de vil med andre ord også kunne dra på havet når de vil, utan å måtte vente på ein inspektør.

Rekruttering

Så nokre ord om nyrekruttering til kvalfangstnæringa. Det ligg mykje god erfaring hos dykk som er til stades her i salen, men gjennomsnittsalderen på dagens fangarar er også tilsvarande høg.

Det trengst nyrekruttering til næringa no for at livskrafta skal vere stor også i framtida.

Her har de eit sjølvstendig ansvar til å bidra, til å gjere det attraktivt, og til å sleppe til nye og yngre krefter.

I stortingsmeldinga om norsk sjøpattedyrpolitikk, som vart lagt fram i 2004, låg det til grunn at fangstkapasiteten i kvalfangstnæringa er tilstrekkeleg med dagens kvotenivå. Men fangststatistikken viser at kvotane, med unntak av 2001, ikkje har blitt tatt.

Haldninga dykkar er at fangstkapasiteten er tilstrekkeleg og at forklaringa på at kvotane ikkje blir tatt er å finne andre stader enn i spørsmålet om flåtestørrelse. For meg er det viktig at tilgjengeleg kvote for kval, som i fiskeria elles, blir tatt. Dette er viktig først og fremst fordi kvalen er ein verdifull ressurs og fordi han er etterspurt. Det er også viktig at vi i fangsten lever opp til argumentasjonen vår og dei ambisjonane vi møter den internasjonale debatten med.

Det er fiskerimyndigheitene sitt ansvar å leggje til rette for at fangstkapasiteten er i samsvar med kvotegrunnlaget. Som kjent har vi derfor opna for ei viss nyrekruttering. Vi vil følgje denne utviklinga nøye og ventar at de bidrar, både med openheit og med tankar om korleis vi skal få dette best muleg til.

Eksport av kvalkjøt

Norsk og islandsk vågehvalkjøt er no inne på den japanske marknaden. Dette er ei svært god nyheit og ein milepæl for kvalnæringa. Eg er glad for dette og ønskjer eksportørane lukke til vidare med dette arbeidet.

Vi skal likevel ikkje overdrive betydninga av Japan-marknaden. Heimemarknaden vil framleis vere den klårt viktigaste. Det er større etterspørsel i Norge enn det som finst av kjøt i marknaden. Dessutan må vi passe oss for at iveren etter å lukkast i Japan ikkje undergrev kvaliteten på kjøtet som blir tilbydd her heime. Sviktande kvalitet kan svekke den breie forankringa kvalfangstnæringa har i Norge.

Stortingsmeldinga om sjøpattedyrpolitikken

Den forrige stortingsmeldinga om sjøpattedyrpolitikken vart behandla i 2004 og fekk oppslutning av eit samla Storting. Meldinga inneheld som kjent, ein brei gjennomgang av sjøpattedyrområdet og munnar ut i ei rekkje forslag til tiltak.

Det er snakk om ei meir aktiv forvaltning av sjøpattedyr gjennom styrka vern av truga og sårbare bestandar, auka utnytting av bestandar som kan haustast på og fremme overgangen til økosystembasert forvaltning av dei levande marine ressursane der også sjøpattedyr skal vurderast som del av haustbare økosystem.

Stortingsbehandlinga av meldinga la grunnlaget for ro i det politiske Norge om sjøpattedyrforvaltninga. Gjennomgangen i 2004 er i hovudtrekk eit godt fundament for dagens politikk og eit viktig styringsverktøy for regjeringa. 

På denne bakgrunn er det no ikkje behov for ei tilsvarande melding om sjøpattedyrpolitikken.

Det vi no er godt i gang med er ein meldingstekst som svarar på Stortingets vedtak i 2004. I den nye meldinga vil vi gå gjennom tiltaksområda og fortelje kvar vi står i høve til desse.

Avslutning


Eg har sterk tru på denne næringa og den evna næringa har til å ta tak når det trengst. Men det er viktig at de opptrer aktivt og samla. Då står vi sterkast.


Takk for meg.