Historisk arkiv

Bjørn Inge Larsen, direktør i Sosial- og helsedirektoratet, valt inn i styret i WHOs Europaregion

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bjørn Inge Larsen, direktør i Sosial- og helsedirektoratet, blei 13. september 2006 valt inn i styret til WHO sin Europaregion under møtet til WHOs regionalkomité for Europa i København.

Bjørn Inge Larsen, direktør i Sosial- og helsedirektoratet, valt inn i styret i WHOs Europaregion

Bjørn Inge Larsen

Bjørn Inge Larsen, direktør i Sosial- og helsedirektoratet, blei 13. september 2006 valt inn i styret til WHO sin Europaregion under møtet til WHOs regionalkomité for Europa i København.

Statssekretær Rigmor Aasrud gratulerer Larsen med vervet: - Noreg har lange tradisjonar for å spele ei aktiv rolle i WHO sitt arbeid, både globalt og på europeisk nivå, og dette arbeidet utgjer ein svært viktig del av det internasjonale engasjementet til helse- og omsorgssektoren. Larsen sin breie kompetanse frå helserelatert arbeid både i Noreg og internasjonalt vil vere eit positivt tilskot til Europaregionen sitt styre.

WHO sin Europaregion har 53 medlemsland, og Europaregionen representerer ei befolkning på meir enn 165 millionar menneske. Europaregionen er styrt av Regionalkomiteen for Europa, og komiteen har årlege møte kvar september.

Mellom dei årlege komitémøta er det oppnemnt eit styre som er ansvarleg for og representerer regionalkomiteen. I styret sit det 9 medlemmer valt av medlemslanda. Styret har ein rådgivande funksjon overfor regionalkomiteen, rettleier regionaldirektøren mellom møta og sørgjer for oppfølginga av vedtaka til regionalkomiteen. Styret rapporterer direkte til regionalkomiteen.