Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Foreslår 18-årsgrense på solarium

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bruk av solarium fører til auka risiko for kreft. Helse- og omsorgsdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag som inneber at det vert innført 18-årsgrense for bruk.

Bruk av solarium fører til auka risiko for kreft. Helse- og omsorgsdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag som inneber at det vert innført 18-årsgrense for bruk.

– Det er viktig å redusere kreftrisikoen ved overdreven soling, spesielt når det gjeld unge menneske. Internasjonal forskning viser at solarium i ung alder aukar risikoen for kreft. Ei aldergrense på 18 år gir også eit tydeleg signal til alle aldersgrupper at overdreven bruk kan vere helseskadeleg, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

I forslaget til ny strålevernforskrift som no er sendt på høyring, vert det og foreslått at verksemder som tilbyr solarium skal vere betent av personale som har tilstrekkeleg opplæring, slik at kundane kan få informasjon om risikofaktorar ved bruk av solarium.

Kravet til betening er også viktig for å overhalde aldersgrensa på 18 år.

Bakgrunnen for forslaget er internasjonal forskning som viser at bruk av solarium inneber auka risiko for føflekkreft, særleg når bruken startar i tidleg ungdom og ved langvarig og hyppig bruk. Unge sin bruk av solarium er aukande.

I 2008 vart det registrert 1285 nye tilfeller av føflekkreft og 1450 tilfeller av anna hudkreft i Noreg.

Høyringsfristen er sett til 25. april 2011.

Les høringsdokumentene 

Til toppen