Historisk arkiv

Helse Sør-Øst skal kjøpe fleire MR-undersøkingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Som eit ledd i at regjeringa skal auke kapasiteten på MR, går Helse Sør-Øst RHF føre og vil kjøpe fleire MR-undersøkingar frå private leverandørar. – Dette vil betre kapasiteten og få ned ventetida for pasientane, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

Som eit ledd i at regjeringa skal auke kapasiteten på MR, går Helse Sør-Øst RHF føre og vil kjøpe fleire MR-undersøkingar frå private leverandørar.
– Dette vil betre kapasiteten og få ned ventetida for pasientane, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

Radiologiundersøkingar vert utførte både gjennom eigne sjukehus og ved at regionane kjøper polikliniske tenester frå private tilbydarar. Både regionalt og nasjonalt har det den siste tida vore ein auke i talet på henvisningar til radiologiske undersøkingar i helsetenesta.

-Vi har styrkt sjukehusa økonomisk i 2013 slik at dei har moglegheit til å kjøpe fleire undersøkingar når det er behov for å auke kapasiteten, sier Støre.

Helse Sør-Øst si avtaleutviding svarar til kjøp for om lag 20 millionar kroner, og vil bli gjennomført så raskt det lèt seg gjere.

I forrige veke sa helse- og omsorgsministeren at regjeringa vil auke løyvingane til poliklinisk radiologi i statsbudsjettet for 2014 slik at kapasiteten vert auka. Frå 1. januar 2014 skal også private radiologiske institutt inngå i ordninga med fritt sjukehusval. Det vil seie at ein fritt kan velje røntgeninstitutt, på same måte som ein i dag kan velje sjukehus.

Les meir og regjeringas tiltak for å få ned køane for røngten, MR og CT

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter