Historisk arkiv

Forslag til endringar i tomtefestelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet sender på offentleg høyring spørsmål om lov- og forskriftsendringar om tomtefeste. Forslaget gjeld mellom anna tidspunkt for innløysingsretten for bustadhus.

Forslag til endringar i tomtefestelova

I Soria Moria-erklæringa lovet regjeringa mellom anna å ta initiativ for å endre tomtefestelova slik at festarane av tomt til bustadhus får innløysingsrett kvart anna år, i motsetning til kvart tiande år slik lova er i dag.Justisdepartementet sender nå framlegget til lov- og forskriftsendringar på høyring.

Dei viktigaste endringane gjeld:

Tidspunkt for innløysingsrett for bustadhus

  • tidspunktet for når festaren av tomt til bustadhus skal kunne krevje innløysing. Her blir det gjort framlegg om at festaren, etter 30 år av festetida, skal kunne krevje innløysing kvar gong det er gått to nye år, i motsetnad til kvart tiande år etter gjeldande lov. For feste av tomt til fritidshus blir det ikkje foreslått å endre den gjeldande regelen som gir rett til innløysing kvart tiande år.

Unntak frå innløysingsrett for fritidshus i statsallmenningar mv.

  • unntaket frå innløysingsretten i bygdeallmenningar blir foreslått å skulle gjelde også for tomt til fritidshus i statsallmenningar. På Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark foreslår departementet eit tilsvarande unntak for fritidstomter som i statsallmenningar.

Unntak frå innløysingsretten for fritidshus som høyrer til landbrukseigedomar.

  • Høyringa tar opp spørsmålet om dette landbruksunntaket for fritidshus bør gjelde for nokre fleire tilhøve enn i dag.

Tvisteløysingsordning ved regulering av festeavgift og ved innløysing

  • Departementet tar opp om ein bør endre lova si tvisteløysingsordning når partane ikkje sjølv kjem til semje om regulering av festeavgift og om innløysingsvilkår med meir.

Høyringsfristen er 1. mars 2006, og spørsmåla vil etter det bli fylgt opp med bakgrunn i høyringsfråsegnene. Oppfylginga vil ha høg prioritet.

Utafor denne høyringa fell punktet frå Soria Moria-forhandlingane om at regjeringa vil instruere statleg styrte fond og statlege eigedomar. Desse skal bli instruert til å gi festaren innløysingsrett anna kvart år til 30 gonger konsumprisregulert opphavleg leige, og dei som ikkje ynskjer innløysing skal få tilbod om vidare leige regulert med konsumprisindeks. Dette punktet blir fylgt opp som ei eiga sak av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Aktuelle lenker: