Region vest - Storsatsing på kriminalomsorga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 97 - 2007 | Dato: 05.10.2007
Regjeringa vil i 2008 opprette 7 nye fengselsplassar i Vik fengsel og sette i gang eit prøveprosjekt med straffegjennomføring med elektronisk kontroll.
Sidan sommeren 2006 er køen for fengselsstraff halvert. 28. september var køen på 1 350 dommar. – Regjeringa er på rett veg, men målet i Soria Moria-erklæringa om å avvikle soningskøen i perioden er enno ikkje nådd, seier justisminister Knut Storberget. I 2008 held satsinga på å avvikle soningskøen fram. Med 77 nye fengselsplassar vil regjeringa ha oppretta nær 400 nye fengselsplassar dei tre siste åra. I tillegg vil Halden fengsel gje 251 nye fengselsplassar når fengselet står klar til bruk våren 2010.
I Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke er køen redusert frå 726 pr. 30. juni 2006 til 220 pr. 28. september 2007.
I 2008 vil Regjeringa utvide Vik fengsel med 7 nye plasser med lågare tryggleiksnivå. Regjeringa vil òg sette i verk eit prøveprosjekt i heile landet med straffegjennomføring med elektronisk kontroll som vil gje auka kapasitet for straffegjennomføring i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. I 2008 vil Justisdepartementet utvide prosjektet ”Tenk tryggleik” i Årdal slik at fengsel og friomsorgskontor òg deltar aktivt, og starte eit nytt KrAmi-prosjekt. KrAmi er eit samarbeid mellom ulike etatar med sikte på å hjelpe tidligare innsette med jobb eller utdanning.
I 2008 vil Regjeringa auke dei samla løyvingane til kriminalomsorga med om lag 630 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2007. Satsinga på kriminalomsorga i 2008 skal mellom anna gå til:
- heilårsverknad av kapasitetsutvidingar frå 2007 og 77 fleire fengselsplassar i 2008.
(til saman om lag 105 millionar kroner) - Trondheim fengsel: Ny avdeling for forvaringsdømde, 10 forvaringsplassar
- Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt: 11 plasser med høgt tryggleiksnivå
- Gjøvik og Vestre Slidre fengsel: 7 nye plasser – 2 med høgt tryggleiksnivå og 5 med lågare tryggleiksnivå
- Ravneberget fengsel: Netto 7 nye plasser – 9 nye plasser med lågare tryggleiksnivå ved Ravneberget fengsel. Bortfall av to plassar ved Sandefjord fengsel som gjerast om til overgangsbolig
- Vik fengsel: 7 plasser med lågare tryggleiksnivå
- Evjemoen: 20 plasser med lågare tryggleiksnivå
- Overgangsbolig i Kristiansand: 15 plasser med lågare tryggleiksnivå
- auke bruken av straffegjennomføring i institusjon for innsette kvinner med rusproblem (1 million på justisbudsjettet, 100 millionar til rustiltak på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet)
- straffegjennomføring med elektronisk kontroll (40 millionar kroner)
- auka driftsramme til kriminalomsorga (20 millionar kroner)
- auka løyving til vedlikehald ved Ullersmo fengsel (20 millionar kroner)
- tilbod for domfelte/innsette (om lag 14 millionar kroner under Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet)
- heilårsverknaden av auka klasseopptak ved KRUS i 2006-2007 og eit ekstra opptak av 100 aspirantar i 2008 (36 millionar kroner)
- vidareføring av bygging av Halden fengsel (530 millionar kroner i 2008, ei auke på 395 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2007).