Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny varemerkelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag til ei ny varemerkelov. – Det er ei viktig målsetjing for regjeringa å sikre gode og lett tilgjengelege rettslege rammevilkår for næringslivet. Forslaget til ny varemerkelov vil innebere at Noreg får eit oppdatert, moderne og brukarvenleg regelverk på eit område som er viktig for næringslivet, seier justisminister Knut Storberget.

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag til ei ny varemerkelov. – Det er ei viktig målsetjing for regjeringa å sikre gode og lett tilgjengelege rettslege rammevilkår for næringslivet. Forslaget til ny varemerkelov vil innebere at Noreg får eit oppdatert, moderne og brukarvenleg regelverk på eit område som er viktig for næringslivet, seier justisminister Knut Storberget.

Forslaget til ny varemerkelov gjeld rettsleg vern av teikn som identifiserar det kommersielle opphavet til varer og tenester. Vern for varemerke kan oppnåast anten ved registrering hos Patentstyret, eller ved at eit teikn blir teke i bruk og innarbeidd. Vernet gir den som har rett til varemerket høve til å hindre andre å bruke teikn i næringsverksemd som kan forvekslast med varemerket.

EØS-regional konsumpsjon lovfesta
Forslaget til ny lov legg i hovudsak opp til ein revisjon og ei modernisering som vil gjere regelverket lettare tilgjengeleg for brukarane. Det blir foreslått innført ein regel om EØS-regional konsumpsjon. Det inneber at varer som er selde innanfor EØS-området med samtykkje frå varemerkeinnehavar, utan hinder av varemerkeretten kan importerast og vidareseljast i Noreg, men at varemerkeretten vil vere til hinder for import og vidaresal av varer som er selde utanfor EØS-området med samtykkje frå varemerkeinnehavar. – Forslaget om å lovfeste EØS-regional konsumpsjon representerer ei viktig og sterkt ønskt avklaring av kva for rammevilkår som gjeld for parallellimport, uttaler Storberget.

Patentstyret kan overprøve
Vidare blir det foreslått innført ei ordning med administrativ overprøving hos Patentstyret, der varemerke kan setjast til side som ugyldige eller bli sletta.

 – Administrativ overprøving utgjer eit billig og enkelt alternativ til domstolsbehandling for dei som ønskjer registrerte varemerke sette til side som ugyldige eller sletta, seier Storberget.

Kontaktperson: Lovrådgivar Magnus Hauge Greaker, tlf. 22 24 53 87

Til toppen