Historisk arkiv

Vern mot vald i nære relasjonar for sambuarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å endre straffelova, slik at straffebodet om vald i nære relasjonar uttrykkjeleg omfattar vald mot noverande og tidlegare sambuarar.

Regjeringa gjer framlegg om å endre straffelova, slik at straffebodet om vald i nære relasjonar uttrykkjeleg omfattar vald mot noverande og tidlegare sambuarar.

Bakgrunnen for framlegget er at Høgsterett i dom 31. mars 2011 kom til at tidlegare sambuarar ikkje er verna av føresegna i straffelova om vald i nære relasjonar, i motsetjing til kva lovgjevar hadde lagt til grunn da føresegna vart gjeve.

– Dommen var i strid med regjeringa sine ønskjer og dei opphavlege intensjonane til lovgjevar. Difor gjer vi no framlegg om at det det uttrykkjeleg skal gå fram av lova at tidlegare sambuarar har krav på vern. Det skal ikkje råde nokon tvil om alle har krav på det same vernet mot vald i nære relasjonar, uansett tidlegare samlivsstatus, seier justisminister Knut Storberget.