Historisk arkiv

Vil endre innsynsretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Faren for identitetstjuveri er éi av årsakane til at regjeringa vil endre offentleglova ved å fjerne retten til innsyn i fødselsnummer. Retten til innsyn i lønnsoppgåver vil også bli endra.

Faren for identitetstjuveri er éi av årsakane til at regjeringa vil endre offentleglova ved å fjerne retten til innsyn i fødselsnummer. Retten til innsyn i lønnsoppgåver vil også bli endra.

Regjeringa legg i dag fram forslag til to endringar i offentleglova. For det første foreslår regjeringa at det skal kunne gjerast unntak frå innsynsretten for fødselsnummer og liknande identifikasjonsnummer. For det andre skal det kunne gjerast unntak for lønnsoppgåver dersom innsyn i dei bruttoutbetalingane som oppgåva gjeld, vert gjeve på annan måte.

- Offentleglova gir omfattande rett til innsyn i forvaltninga sine saksdokument. Med dette forslaget tek vi initiativ til å få på plass to unntak frå innsynsretten som det har vist seg å vere stort behov for, seier justisminister Knut Storberget.

Unntaket for fødselsnummer har samanheng med faren for identitetstjuveri ved at kunnskap om fødselsnummer kan leggje til rette for misbruk av andre menneske sin identitet. Når det samstundes ikkje er noko ved omsyna og føremåla bak innsynsretten som tilseier at det må vere rett til innsyn i fødselsnummer, foreslår regjeringa å justere innsynsretten. Forslaget til unntak omfattar ikkje retten til å sjå organisasjonsnummer og liknande nummer som gjeld føretak og næringsdrivande.

Utbetalingar frå det offentlege er det viktig at allmennheita kan følgje med på. Detaljar om ulike typar trekk m.m. i den enkelte si lønnsoppgåve står i ei anna stilling, og vil i ein del tilfelle vere underlagde teieplikt. Mellom anna for å unngå krevjande vurderingar av kva som er omfatta av teieplikta, foreslår regjeringa ein regel om at innsynsretten ikkje skal omfatte lønnsoppgåver. Men opplysningar om bruttoutbetalingar skal det som nemnt framleis vere innsynsrett i.