Historisk arkiv

Ny vêrradar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Som eit ledd i satsinga på nordområda foreslår regjeringa å løyve ti millionar kroner til ein ny vêrradar i Aust-Finnmark. Vêrradaren skal byggjast ved Gednje på Varanger­halvøya.

Som eit ledd i satsinga på nordområda foreslår regjeringa å løyve ti millionar kroner til ein ny vêrradar i Aust-Finnmark. Vêrradaren skal byggjast ved Gednje på Varanger­halvøya.  

Med byggjestart i 2011 vil radaren kunne setjast i drift sommaren 2012. Dermed vil heile kysten av Finnmark vere dekt av vêrradarnettet. Radaren vil bidra til betre varsling av farleg vêr i området, mellom anna polare lågtrykk, intense byer og sterk vind.

– Meir pålitelege og detaljerte vêrvarsel vil bidra til å auke tryggleiken for all vêrutsett verksemd i området, mellom anna for fiskeriverksemda og for den stadig aukande skipstrafikken langs kysten og inn mot russisk område, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland. Radaren vil òg bidra til betre varsling av flyvêret i området og dermed gjere det tryggare å fly.