Historisk arkiv

Kjellaug Nakkim ny leiar i Kringkastingsrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag oppnemnt medlemmer til Kringkastingsrådet for perioden 2006 til 2009.

Pressemelding

Nr.: 11/06
Dato: 03.03.2006
Kontaktperson: Eksp.sjef Roy Kristiansen, Medieavd., tlf. 22 24 80 04

Kjellaug Nakkim ny leiar i Kringkastingsrådet

I statsråd fredag vart følgjande medlemmer oppnemnde til Kringkastingsrådet for perioden 2006 til 2009.

Leiar: Kjellaug Nakkim, Moss, varamedlem: Mona Trandum, Grue (ny)
Nestleiar: Steinar Ness, Gaular (ny), varamedlem: Helge Østbye, Bergen (ny)
Medlem: Paul Leer-Salvesen, Kristiansand, varamedlem: Shahzad Rana, Oslo (ny)
Medlem: Kristin Jensen, Trondheim (ny), varamedlem: Rita Lekang, Bodø (ny)
Medlem: Roger Ingebrigtsen, Tromsø (ny), varamedlem: Thomas Berland, Bergen (ny)
Medlem: Shabana Rehman, Oslo (ny), varamedlem: Kine Hellebust, Balsfjord

Kjellaug Nakkim var nestleiar i Kringkastingsrådet i førre periode. Nakkim var stortingsrepresentant frå Høgre frå Østfold frå 1989 – 2001 og mellom anna medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen.

Stortinget oppnemnde 13. desember 2005 følgjande medlemmer:

Medlem: Solveig Torsvik, Lørenskog, varamedlem: Grethe G. Fossum, Kirkenær
Medlem: Jon Olav Alstad, Skatval, varamedlem: Jan Otto Fredagsvik, Sistranda
Medlem: Grethe Fossli, Oslo, varamedlem: John Arne Balto, Oslo
Medlem: Per Arne Olsen, Tønsberg, varamedlem: Kristoffer Kanestrøm, Tromsø
Medlem: Finn Egil Holm, Sande, varamedlem: Øyvind Håbrekke, Oslo
Medlem: Hallgrim Berg, Ål, varamedlem: Afshan Rasiq, Oslo
Medlem: Sigbjørn Molvik, Skien, varamedlem: Hilde Widerøe Wibe, Oslo

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for Norsk rikskringkasting. Rådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinene for programverksemda i Norsk rikskringkasting. Rådet består av 14 medlemmer med varamedlemmer. Regjeringa oppnemner seks medlemmer, deriblant leiar og nestleiar. Stortinget oppnemner åtte medlemmer, der ett medlem er leiaren av Samisk Programråd.