Historisk arkiv

Den kulturelle spaserstokken får 15 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2008 foreslår regjeringa at blir det sett av til saman 15 millionar kroner Den kulturelle spaserstokken. Dette er ein auke på 5 millionar kroner frå 2007.

10 millionar kroner blir løyvt over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett, 5 millionar kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett.

- Den kulturelle spaserstokken skal gi eldre eit breitt og profesjonelt kulturtilbod, på same måte som Den kulturelle skulesekken gjer det for elevar.  Auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren skal leggje til rette for og utvikle gode kunst- og kulturprosjekt lokalt for eldre, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Gjennom Den kulturelle spaserstokken i 2007 blei det gitt tilskot til 67 kommunar i alle fylka til ulike typar arrangement og tiltak innan ulike kulturområde. Røynslene frå gjennomføringa av ordninga i 2007 vil gi eit godt grunnlag for å vidareutvikle Den kulturelle spaserstokken i 2008.