Historisk arkiv

Fykse Tveit fekk størst oppslutning blant biskopane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at generalsekretær Olav Fykse Tveit er best skikka til å bli ny biskop i Nidaros bispedøme.

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at generalsekretær Olav Fykse Tveit er best skikka til å bli ny biskop i Nidaros bispedøme.

Åtte av biskopane har Fykse Tveit som sitt førsteval. To av biskopane har prost Tor Singsaas på førsteplass, og ein har prost Ingrid Vad Nilsen som nr. 1.

 

Rangering frå biskopane

Nr. 1

Nr. 2

Nr. 3

Generalsekretær Olav Fykse Tveit

8

2

-

Prost Tor Singsaas

2

7

1

Prost Ingrid Vad Nilsen

1

1

6

Prost Kirsten Elisabeth Almås

-

1

1

Residerande kapellan Berit Lånke

-

-

2

Prost Per Halstein Nielsen

-

-

1

Kyrkjerådet har med eit fleirtal på sju røyster tilrådd at Singsaas blir utnemnd til ny biskop i Nidaros, mens eit mindretal på seks har gått inn for Fykse Tveit. Ved den rådgjevande røystinga på ny biskop fekk Tor Singsaas klart flest røyster frå gruppene med røysterett (sokneråda, prestane og andre vigsla i Nidaros bispedøme, prostane og dei teologiske professorane). 

Det er Kongen i kyrkjeleg statsråd som skal utnemne den nye biskopen i Nidaros etter Finn Wagle. Wagle har fått avskil i nåde frå 1. juli 2008. Utnemninga av ny biskop vil venteleg finne stad i mot slutten av juni.