Historisk arkiv

Ny rapport og rettleiar om lokaldemokrati og e-demokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ny teknologi og satsing på nett kan styrke lokaldemokratiet, men det krev godt innhald og tilrettelegging for innbyggjarane, viser ny rapport.

Ny teknologi og satsing på nett kan styrke lokaldemokratiet, men det krev godt innhald og tilrettelegging for innbyggjarane, viser ny rapport.

Institutt for samfunnsforsking har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet gått gjennom seks ulike e-demokrati-tiltak landet rundt. Rapporten ”Møte mellom moderne teknologi og lokaldemokrati” er så utarbeidd av forskarane Signe Bock Segaard og Guro Ødegård. På bakgrunn av rapporten er det også utarbeidd ein rettleiar som gir vink om korleis kommunen best kan leggje til rette for bruk av nettet til demokratiformål.

Tålmod i tilrettelegging, klart ansvar for gjennomføringa av oppgåva, klare mål for tiltaket, forankring i det politiske nivået og gradvis satsing er gode råd til kommunar som vil leggje til rette for e-demokrati. Det er ikkje nok at teknologien er på plass, det er også viktig med eit godt innhald og god tilrettelegging for bruk som gjer at innbyggjarane blir freista til å ta del i lokaldemokrati på nett.