Historisk arkiv

- Bruk stemmeretten din!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Betre tilgang for ungdomsparti og organisasjonar til elevar på vidaregåande skule og fleire stemmelokale i nærleiken av skulane. Det er blant tiltaka kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil sjå nærare på etter møtet med leiarane i politiske ungdomsorganisasjonar.

Betre tilgang for ungdomsparti og organisasjonar til elevar på vidaregåande skule og fleire stemmelokale i nærleiken av skulane. Det er blant tiltaka kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil sjå nærare på etter møtet med leiarane i politiske ungdomsorganisasjonar.

Berre 33 prosent av førstegongsveljarane brukte stemmeretten sin ved førre kommuneval i 2007. For få, meiner Liv Signe Navarsete og utfordra i går leiarane i politiske ungdomsorganisasjonar.

Ungdommane som representerer framtida i norsk politikk fekk ei klar utfordring.
- Korleis skal vi få dei unge til å delta meir ved val? Unge er opptekne av samfunnsutviklinga, og utfordringa er å sjå at dette handlar om politikk. Dykkar rolle er viktig, sa Navarsete.

Leiar Bjarne Dæhli i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner presenterte deira kampanje for å få ungdom til stemmeurnene.

Bjarne Dæhli fra LNU.
- Vår ambisjon er at valet til hausten skal bli eit ungdomsval, sa Dæhli som har store forhåpningar mellom anna til forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar i 20 kommunar.

Utfordringa er mellom anna å vise at politikk handlar om konkrete saker som ungdomsklubbar, ungdomsråd og prisen på kulturskulen, og slike skape engasjement.

Ungdomspolitikarane lovde å gjere sitt beste – ikkje berre for å få ungdom til å stemme generelt, men for å få dei til å stemme på nett deira parti.

Representanter for politiske ungdomsorganisasjoner.
BRUK STEMMERETTEN: Ein ting er dei i alle fall einige om – at ungdom bør bruke stemmeretten sin. På kva slags parti, er dei derimot ueinige om.. Frå venstre: Bjarne Dæhli (Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner), Sveinung Rotevatn (Unge Venstre), Nils Ramsøy (Senterungdommen), Espen Teigen Rossing (FpU), Åsmund Aukrust (AUF), statsråd Liv Signe Navarsete, Henrik Asheim (Unge Høyre), Iver Johansen Aastebøl (Rød Ungdom) og Ole Magnus Linge (Sosialistisk Ungdom). Foto: Roger Holmsen/KRD.