Historisk arkiv

Virkeområdet for distriktspolitiske virkemidler utvida frå 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 12.06.06

I dag blei Noreg sitt forslag til nytt virkeområde for dei distriktsretta verkemidla sendt EFTAs overvakingsorgan, ESA, for godkjenning. Noreg legg opp til å utvide virkeområdet til å omfatte 24 fleire kommunar frå 2007.

Pressemelding

Nr.: 52/2006
Dato: 12.06.2006

Virkeområdet for distriktspolitiske virkemidler utvida frå 2007

I dag blei Noreg sitt forslag til nytt virkeområde for dei distriktsretta verkemidla sendt EFTAs overvakingsorgan, ESA, for godkjenning. Noreg legg opp til å utvide virkeområdet til å omfatte 24 fleire kommunar frå 2007.

Dagens virkeområde vart godkjend av ESA i 1999 og omfattar om lag 24,5 prosent av befolkninga. Under føresetnad av at ESA godkjenner forslaget til nytt virkeområde frå 2007, vil befolkningsdekninga auke med 3 prosentpoeng, til 27,5 prosent.

– Vi bruker det reelle handlingsrommet og inkluderer 24 nye kommunar i området der det kan gis distriktsretta investeringsstøtte. Ingen av dei kommunane som er inne i dag, vil bli tatt ut av virkeområdet, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. - Med dette auker handlingsrommet vårt til å føre ein distriktspolitikk som aktivt kan møte dei utfordringane næringslivet i distrikta vil oppleve i åra framover, seier Haga.

Noreg får som det einaste landet i EØS utvida sitt virkeområde for dei distriktspolitiske verkemidla innanfor dei nye regionalstøttereglane i EU/EØS. Det nye virkeområdet skal gjelde for perioden 2007 - 2013. Det er i denne omgang berre sjølve virkeområdet for distriktspolitiske ordningar som blir notifisert for godkjenning av ESA. Først når dette rammeverket er på plass, vil ESA kunne behandle notifikasjonar av ordningar knytt til det distriktspolitiske virkeområdet. Det distriktspolitiske virkeområdet avgrensar mellom anna bruken av distriktspolitiske lån og tilskott til bedrifter gjennom Innovasjon Noreg.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift inkludert både geografi og støttesatsar, er ei eiga sak og blir handsama av ESA ut frå andre kriterium i regelverket for regionalstøtte. Dei to sakene går til ESA samtidig.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.