Historisk arkiv

Kommunal- og regionaldepartementet støtter IKT-senter i Kviteseid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kviteseid kommune får 600.000 kroner gjennom Småsamfunnssatsinga i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) til oppbygging av eit informasjons- og kommunikasjonsmiljø i Kviteseid i Telemark.

Kviteseid kommune får 600.000 kroner gjennom Småsamfunnssatsinga i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) til oppbygging av eit informasjons- og kommunikasjonsmiljø i Kviteseid i Telemark.

Miljøet skal bli ein viktig samfunnsutviklar for kommunen. Dette skal skje ved at det blir etablert nye verksemder i Finndalen IKT-senter i kommunen.

- Å utvikle kompetansearbeidsplassar er ein viktig del av regjeringas distriktspolitiske innsats. Prosjektet i Kviteseid vil gi spennande IKT-arbeidsplassar og vere med å gjere dette samfunnet meir livskraftig og robust, seier statsråd Haga.

Kviteseid kommune ønskjer at IKT- satsinga skal gje tettstaden ny rolle som ein sentral data-og IKT- leverandør i Midt-Telemark. 

Ein reknar med at senteret vil få opp til 16 nye arbeidsplassar. I dag har senteret 7 arbeidsplassar.  

Kviteseid kommune har over fleire år arbeid aktivt for å utvikle tettstaden Kviteseid sentrum – Kviteseidbyen - for å gjera staden attraktiv som bu og møteplass. Kommunen, fylket, vegvesenet og næringslaget har deltatt i denne prosessen for å fornye tettstaden.  

No står eit næringsutviklingsprosjekt for døra der siktemålet er å skape arbeidsplassar i dei nye omgjevnadene. Dette småsamfunnsprosjektet er ei vidareføring av det aktive utviklingsarbeidet som kommunen har starta opp for fleire år sidan.

KRD har i 2007 sett av inntil 50 millionar til Småsamfunnsprosjekt rundt om i landet. Målet er å få norske tettstader til å bli meir attraktive enn i dag, spesielt for de unge.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.