Historisk arkiv

Tingvoll og Sunndal kommunar valde ut som Grøne energikommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga utnemner kommunane Tingvoll og Sunndal i Møre og Romsdal til Grøne energikommunar.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga utnemner kommunane Tingvoll og Sunndal i Møre og Romsdal til Grøne energikommunar.

- Økokommunen Tingvoll har lange tradisjonar med å tenkje berekraftig utvikling, medan Sunndal har kome langt i å utvinne spelvarme frå aluminiumsverket, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Grøne energikommunar er eit prosjekt som Åslaug Haga lanserte tidlegare i år. Kommunane som blir vald ut skal satse på energieffektivisering, fornybar energi og å få ned klimagassutsleppa i sin kommune. Dei grøne energikommunane skal utvikle klimaarbeidet sitt vidare og vere førebilete for andre kommunar. Ifølge forskarar ved Cicero og TØI kan kommunane bidra til å redusere klimagassutsleppa med opptil 15 prosent. 

- Tingvoll og Sunndal har til felles at dei fokuserer på å dra nytte av dei ressursar ein har i kommunen. Gjennom å bli vald ut til Grøne energikommunar kan dei bli endå flinkare, og andre kommunar kan ta lærdom av dei gode døma frå desse kommunane, seier Haga.

Om Grøne energikommunar:
"Grøne energikommunar" handlar om å få kommunane til å satse på energieffektivisering, alternativ fornybar energi, som bioenergi, og å få ned klimagassutsleppa i kommune-Noreg. KRD skal bruke 30 millionar kroner til prosjektet og vil mellom anna bidra med midlar til klima- og energipådrivarar i dei enkelte nettverka.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.