Forsida

Historisk arkiv

Eit sterkt lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Vi har eit sterkt, godt og levande lokaldemokrati i Noreg. Det slår kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa fast i si stortingsmelding om lokaldemokratiet.

- Vi har eit sterkt, godt og levande lokaldemokrati i Noreg. Det slår kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa fast i si stortingsmelding om lokaldemokratiet.

- Valoppslutninga auka for første gong på 30 år ved kommunevalet i haust. Det gir verkeleg grunn til optimisme for lokaldemokratiet. Men i tillegg engasjerer folk seg meir på andre arenaer, mellom anna gjennom organisasjonar, velforeiningar og underskriftskampanjar. Folk er opptekne av lokalmiljøet sitt, seier Kleppa.

Statsråden slår fast at regjeringa har tru på det lokale sjølvstyret. Kommunane og fylkeskommunane skal ha økonomiske og lovmessige rammevilkår som gjer at dei har eit stort spelerom for å gjera sjølvstendige avgjerder.

- Eit grunnleggjande grep denne regjeringa har gjort, er å gi meir pengar til kommunane. Eit historisk økonomisk løft med den raudgrøne regjeringa sikrar òg større handlingsrom for lokalpolitikarane. Slik vert det meir interessant å vera lokalpolitikar, seier Kleppa.

Ho er optimistisk på vegner av lokaldemokratiet.

- Vi ser at kommunane legg til rette for demokratisk deltaking mellom vala. Folkerøystingar, folkemøte og tilrettelegging for nettbasert deltaking er eksempel på det, seier Kleppa som ønskjer å lovfesta retten til å halda lokale, rådgjevande folkerøystingar.

Trass i ei auka valdeltaking ved siste val, kan deltakinga framleis verta langt betre. Regjeringa ønskjer derfor å leggja til rette for at kommunane kan ha lengre opningstider på vallokale og gjera det enklare å halda val over to dagar.

Det vert i meldinga lagt spesiell vekt på ungdom og deira deltaking i lokaldemokratiet. I tillegg til framlegget om forsøk med røysterett for 16-åringar, vert kommunane oppmoda til å nytta ulike grep for å involvera ungdom i større grad enn i dag. Dette gjeld både tiltak knytte til røysting og førehandsrøysting, men òg andre måtar å trekkja ungdomane med på, som ungdomsråd, demokratiopplæring i skuleverket, innbyggjarinitiativ og open spørjetime.

Lokalpolitikarane si rolle andsynes administrasjonen har vorte svekka dei seinaste åra. I meldinga vert det derfor foreslått at kommunestyret i kvar valperiode gjer greie for kva saker som skal delegerast til administrasjonen. Dette vil bidra til at kommunestyret blir meir medvite om si rolle som overordna styringsorgan i kommunen. Det blir også gjort framlegg om at kommunestyret sjølv avgjer kven som skal gje innstilling i saker.

- Staten har ansvaret for å leggja til rette rammevilkåra, men vi kan ikkje vedta eit godt lokaldemokrati. Kommunane må utnytta handlingsrommet sitt og leggja til rette for deltaking. Innbyggjarane må nytta ytringsfridomen sin i lokale saker og bruka røysteretten. Og dei politiske partia må medverka til lokale visjonar og å setja saman representative og attraktive lister, seier Kleppa.

Lokaldemokratimeldinga er ei oppfølging av innstillingane frå Lokaldemokratikommisjonen.

Ring kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon på 22 24 25 00 for avtale om eventuelle kommentarer fra statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.