Historisk arkiv

Færre ROBEK-kommunar enn nokon gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

41 kommunar er nå i ROBEK. Dette er det lågaste talet på kommunar sidan opprettinga av registeret 1. januar 2001.

41 kommunar er nå i ROBEK. Dette er det lågaste talet på kommunar sidan opprettinga av registeret 1. januar 2001.

- Dei auka overføringane regjeringa har gitt kommunesektoren dei siste åra har gjort at kommunane har fått auka handlingsrom og dermed betre kontroll på økonomien. Det er gledeleg at vi ser den positive effekten av desse midlane også i form av færre ROBEK-kommunar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Fleire kommunar kan nå betale ned oppsamla underskot.

Etter at fylkesmennene gjekk gjennom kommunane sine rekneskapar for 2007, blei 12 kommunar melde ut. Fire kommunar blei melde inn i løpet av sommaren.

ROBEK

Figuren viser utviklinga i talet på ROBEK-kommunar frå registeret blei oppretta

Hausten 2004 nådde ROBEK-registeret sin foreløpige topp med 118 registrerte kommunar. Bortsett frå ein liten oppgang i vinter, har talet på kommunar i registeret minka jamt sidan 2004.

Dei kommunane som kom inn i vinter, blei registrerte fordi dei hadde vedteke økonomiplan eller budsjett i ubalanse. Dei har altså ikkje opparbeidet seg underskott, men er i faresona dersom dei ikkje finn ei løysing for å dekke ubalansen dei neste åra. Ei av fylkesmennene sine oppgåver er å følgje opp desse kommunane spesielt.

- Eg veit kommunane framleis har mange uløyste oppgåver. Derfor vil regjeringa fortsetje si satsing på kommunane også i 2009, seier statsråd Kleppa.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.