Historisk arkiv

Burettslaga må medverke til betre tilgjenge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

-Ikkje vent på at vi skal stramme inn byggjereglane, start arbeidet med å lage bustader som er universelt utforma allereie no. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete si oppmoding til burettslaga då ho møtte leiinga i NBBL.

-Ikkje vent på at vi skal stramme inn byggjereglane, start arbeidet med å lage bustader som er universelt utforma allereie no. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete si oppmoding til bustadbyggelaga då ho møtte leiinga i NBBL. 

I dei nye byggjereglene som etter planen skal gjelde frå 1. juli i år, er krava til tilgjenge skjerpa. Mellom anna skal både arbeidsbygg og publikumsbygg vere universelt utforma. Statsråden varslar at det også vil kome strengare krav til tilgjenge i bustadbygg, men meiner bustadbyggelaga med fordel kan føregripe desse krava og starte arbeidet med å byggje godt tilgjengelege bustader allereie no. 

-Det er for få bustader for menneske med nedsett funksjonsevne. Samstundes blir det stadig fleire eldre som treng tilpassa bustader. Difor oppmodar eg bustadbyggelag og burettslag over heile landet til å tenkje framtidsretta og satse meir på universell utforming når dei byggjer nytt, rehabiliterer og pussar opp, seier Navarsete.

Statsråden ser positivt på at NBBL sjølv har definert berekraftig utbetring og modernisering av eksisterande burettslag som hovudsatsingsområde i åra som kjem, og minner om at mange kan få gode låne- og tilskotsordningar i Husbanken viss dei byggjer bustader med god tilgjenge.

- Mange av oss vil oppleve noko som kan gjere bustaden vår mindre brukeleg, ikkje minst når vi når godt vaksen alder. Skal vi møte det auka talet på eldre i samfunnet på ein verdig og samfunnsøkonomisk god måte, må vi syta for at folk kan bu heime så lengje dei ynskjer og er i stand til det, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.