Historisk arkiv

Ingen skal måtte sove ute i vinterkulda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ingen skal måtte sove ute i det kalde vinterveret viss dei ikkje sjølv ynskjer det. Dei som ikkje har ein stad å bu, skal få hjelp av kommunen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Ingen skal måtte sove ute i det kalde vinterveret viss dei ikkje sjølv ynskjer det. Dei som ikkje har ein stad å bu, skal få hjelp av kommunen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei kartleggjing frå NIBR i 2008 syner at det er om lag 100-120 utebuande i Noreg.
–Sjølv om nokon vel å sove ute framfor å nytte seg av kommunale tilbod, må kommunane sørgje for at alle kan få tak over hovudet viss dei ønskjer det, seier Navarsete.

 Statsråden ber kommunane om å vere ekstra påpasselege no når det er så kaldt.
- Mange kommunar aukar kapasiteten på mellombelse butilbod på vinteren. Til dømes har Trondheim kommune sett i gong effektive tiltak for å skaffe fleire overnattingsplassar til personar utan eigen bustad, seier Navarsete.

 -Eg vil også rose frivillige organisasjonar og andre som gjer ein ekstra innsats for dei som frys i vinterkulda. Samstundes oppmodar eg kommunane om å vurdere om opningstidene på dei kommunale tilboda kan utvidast, slik at vanskelegstilte slepp å opphalde seg utandørs i det kalde vinterveret, seier Navarsete.

Det er kommunanes ansvar å skaffe bustadtilbod til dei som ikkje klarer det sjølv. Navarsete minner om at staten har gjeve dei ei verktøykasse med mellom anna startlån, bustadtilskot og bustøtte.

 - Mange kommunar er flinke til å nytte dei statlege verkemidla for å gje folk mulegheit til ein bustad, men det er rom for at enda fleire kan få ein trygg og god stad å bu, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.