Historisk arkiv

Inntil 400 000 i gebyr for å bryte byggjereglane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Byggjefeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år. No strammar vi inn og innfører gebyr for å bryte byggjereglane. Det gjev større konsekvensar for dei som ikkje følgjer byggjereglane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov og nye byggjeforskrifter. Kvaliteten i bygg skal bli betre. Kommunane får eit nytt sanksjonsmiddel overfor dei som ikkje følgjer lover og reglar, og kan påleggje gebyr på inntil 400 000 kroner. Samstundes vert straffane auka, slik at dei verste lovbrota kan gje fengsel i to år eller høge bøter.

- Vi ønskjer å fange opp useriøse føretak slik at folk kan kjenne seg tryggare på at alt er bygd på ein skikkeleg måte når dei investerer i eigen bustad. Det skal svi på pungen for dei aktørane som ikkje følgjer byggjereglane, seier Navarsete. 

Bygging for nær nabogrense, dårleg sikring ved grunnarbeidet, bygging utan å søkje og bruk av loft som bustad utan løyve er døme på kva som kan gje gebyr.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.