Historisk arkiv

Låginnskotsburettslag blir forbode

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- For å sikre trygge rammer rundt bustadkjøp og hindre at folk i verste fall vert gjeldsoffer, legg vi ned forbod mot å etablere nye låginnskotsburettslag frå 01.01.11, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Burettslag er ein trygg og god eigarmodell som gjev folk mulegheit til å eige eigen bustad. Frå nyåret vert modellen styrkt med nye reglar om at det maksimalt kan vere 75 prosent fellesgjeld når eit nytt burettslag vert stifta, seier Navarsete.

- Vi forbyr dessutan såkalla ”spekulasjonskjøp”. Det inneber mellom anna at eigedomsselskap ikkje kan spekulere i å kjøpe og selje burettslagsbustader frå utbyggjar, seier Navarsete.

Samstundes kjem det nye reglar som gjev kjøparane presise opplysningar om totalprisen på bustaden (link til pressemelding om dette).
- Det er viktig å sikre trygge rammer rundt bustadkjøp og hindre at folk i verste fall vert gjeldsoffer, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.