Historisk arkiv

På tide med ein gjennomgang av tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Tiltakssoneordninga er særs viktig for busetjing og næringsutvikling i Finnmark og Nord-Troms. Me ønskjer å vidareføre ordninga, og no har eg teke initiativ til ein gjennomgang av tiltakssona for å sikra at midla blir nytta på best muleg vis, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Verkemidla i tiltakssona utgjer i 2010 om lag 3,4 milliardar kroner. Dette inkluderar 1,1 milliard kroner til redusert personskatt, fritak frå el-avgift, ettergjeving av studielån, ekstra barnetrygd og lønnstilskot til førskulelærarar. I tillegg er verdien av inga arbeidsgjevaravgift 2,3 milliardar kroner per år om ein samanliknar med 14,1 prosent som er full avgift.

- Det har skjedd mykje bra i Finnmark og Nord-Troms dei siste åra. Framtida har spennande perspektiv, men regionen har framleis utfordringar med mellom anna busetjing og utvikling av næringsliv, seier statsråd Navarsete.

- No ønskjer me å få undersøkt om tiltaka er tilpassa verkelegheita i dag og utfordringane framover. Er verkemidla framleis relevante og fungerer dei i forhold til måla for opprettinga av tiltakssona? Kan ordninga nyttas meir effektivt og bør den justerast? Difor lyser me ut eit utgreiingsoppdrag i desse dagar, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.