Historisk arkiv

14,6 millionar kroner til Mosvik og Inderøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I samband med samanslåinga av Mosvik og Inderøy kommunar, gir Kommunal- og regionaldepartementet totalt 14,6 millionar kroner i støtte til å dekke kommunane sine eingongskostnader.

I samband med samanslåinga av Mosvik og Inderøy kommunar, gir Kommunal- og regionaldepartementet totalt 14,6 millionar kroner i støtte til å dekke kommunane sine eingongskostnader.

Fem millionar kroner blei utbetalt allereie i 2010. Mosvik og Inderøy slår seg saman frå 1. januar 2012 etter ønske frå kommunane sjølv. Kommunane har gjennomført ein grundig prosess der innbyggjarane har blitt høyrde. Den nye kommunen skal heite Inderøy kommune og vil få om lag 6 700 innbyggjarar.

- Eg vil støtte kommunar som etter eige initiativ og gjennom gode lokale prosessar ønskjer å slå seg saman. Sjølve samanslåinga skal ikkje vere ein utgiftspost for kommunane i den pågåande prosessen og departementet bidreg derfor med pengar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringspartia bestemte i Soria Moria II-erklæringa at der det er lokal tilslutning til endring av kommunegrenser, skal dei faktiske kostnadene knytt til samanslåingsprosessen dekkast av staten. Tidlegare har staten dekt mellom 40 og 60 prosent av slike ekstrakostnader. Kostnader knytt til samanslåinga som kommunane har fått dekt, er mellom anna løn til prosjektorganisasjon, innleie av ressursar, kostnadar knytt til harmonisering av IKT-utstyr, kjøp av konsulenttenestar, samt tilpassing av administrasjonsbygg og servicekontor.

- Eg ønskjer innbyggjarane i Mosvik og Inderøy kommunar lukke til med det vidare arbeidet, seier statsråd Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.