Historisk arkiv

500 000 kroner i Bulystmidlar til Norske kulturbygg og Sogn og Fjordane Ungdomslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 500 000 kroner i støtte er prosjektet Huset i bygda, i regi av Norske kulturbygg og Sogn og Fjordane Ungdomslag.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 500 000 kroner i støtte er prosjektet Huset i bygda, i regi av Norske kulturbygg og Sogn og Fjordane Ungdomslag.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi.
I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.

Gjennom bulystsatsinga har me utfordra norske lokalsamfunn på kva innhald dei vil gi til omgrepet attraktive lokalsamfunn. Me har fått mange, ulike svar. Engasjementet har vore stort. Det setter eg stor pris på, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Norske bygder treng fleire møtestadar. Mange bygder har slike lokale kultur- og ungdomhus. Mange av desse husa treng ei vitalisering og styrking av aktiviteten for å kunne gje eit rikare kulturtilbod i bygda. Desse husa er ein ressurs det er viktig å bruke, til beste for lokalsamfunnet og dei som bur i bygdene.

- Gjennom kurs, og rettleiing er det eit mål å styrke dei organisasjonseigde husa som gode, kreative møteplassar i bygdene rundt om i Noreg. Slik kan desse husa verte kulturelle fyrtårn som kan vere med å skape aktivitet, kreativitet, glede og bulyst. Eg skjønar at arbeidet er godt i gang allereie, og vi er spente på å sjå resultata  av innsatsen i tida framover, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.