Historisk arkiv

Bulystmidlar til integreringsprosjekt i Moskenes kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 640 000 kroner i støtte ligg i Moskenes kommune i Nordland.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 640 000 kroner i støtte ligg i Moskenes kommune i Nordland.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar. I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.

Moskenes kommune arbeider heilskapleg, konkret og målretta med temaet integrering, spesielt av innvandrarar og deira familie. Språkopplæring og integrering vil vere avgjerande for ei sunn utvikling og trivsel mellom folk.

- Me har forventningar til at dette arbeidet i Moskenes kan medverke til god inkludering av tilflyttarar. Kunnskap om språk og kultur har mykje å seie for trivsel der folk skal bu og arbeide, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.