Historisk arkiv

Bulystmidlar til Senter for mat, aktivitet og kulturproduksjon i Vestvågøy kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 450 000 kroner i støtte ligg i Vestvågøy kommune i Nordland.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 450 000 kroner i støtte ligg i Vestvågøy kommune i Nordland.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar. I Nordland har det vore særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.

Vestvågøy kommune arbeider heilskapleg, konkret og målretta med tanke på å inkludere tilflyttarar. Gjennom SMAK - eit senter for mat, aktivitet og kulturproduksjon, er vil kommunen sikre betre integrering, gjennom ei medviten og aktiv kopling av nasjonal, regional og internasjonal matkultur. Lokale matprodusentar får ei viktig rolle i samspel med ulike aktørar og miljø.

- Me har forventningar til at dette arbeidet i Vestvågøy kan medverke til å inkludere tilflyttarar, i tillegg til at det vil gje nytt potensial for  lokale matprodusentar. På sikt ser eg ikkje bort ifrå at dette prosjektet kan stimulere til å sette i verk nye forretningsidear når det gjeld å utnytte lokale matressursar, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementets sin pressetelefon: 22 24 25 00.