Historisk arkiv

Buskerud fylkeskommune satsar på stadutvikling, profilering og næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Buskerud fylkeskommune brukte 30 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane på stadutvikling og profilering i 2010. Fylkeskommunen prioriterte næringsutvikling høgast.

Buskerud fylkeskommune brukte 30 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane på stadutvikling og profilering i 2010. Fylkeskommunen prioriterte næringsutvikling høgast.

Det viser rapporten frå Buskerud fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Fylkeskommunen fordelte 33,56 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen brukte til saman 62 prosent av dei fordelte midlane på næringsutvikling. På dette området brukte fylkeskommunen midlane på å vidareutvikle etablerte bedrifter, å styrke næringsmiljøa i regionen og på entreprenørskap. Dette skjer i tett samarbeid med blant anna Innovasjon Noreg. Ikkje minst er satsing på reiseliv svært viktig i Buskerud. Det er òg noko av grunnen til at fylkeskommunen i Buskerud kjem høgt opp på lista over fylkeskommunar som satsar særleg på profilering og stadutvikling.

Programma Norwegian Centres of Expertise (NCE) og Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) skal gi meir samarbeid mellom næringsliv og forskings- og utdanningsmiljø. Fylkeskommunen har gitt midlar til innovasjonsselskap og næringshagar og trekker blant anna fram støtta til NCE Systems Engineering Kongsberg, som har vore ei langsiktig satsing. VRI Buskerud, med satsingsområda reiseliv, industri og helse, var ferdig med første prosjektperiode i 2010.

Eit anna satsingsområde er å bidra til å snu trenden i kommunar med nedgang i folketalet. Fylkeskommunen peikar difor på at det er viktig å auke tilgangen på kompetent arbeidskraft. Fleire av tiltaka har som mål å gjere stadar meir attraktive og aktuelle som bustad og som lokaliseringsstad for bedrifter. Eitt eksempel er rekrutteringstiltak retta mot nederlendarar.

- Regjeringa vil ta heile landet i bruk. Attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for å klare dette. Vi ser at Buskerud har sett i verk fleire stad- og næringsutviklingstiltak, som er med på å legge til rette for at folk kan busette seg der dei vil, oppsummerer kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.