Historisk arkiv

Ekstra skjønnsmidlar til Vik og Bremanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Vik og Bremanger får til saman 15 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2011.

Vik og Bremanger får til saman 15 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2011.

Vik og Bremanger gjekk på store tap i den såkalla Terra-saka.

- Pengane er gjevne med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane og korleis dei har handtert ein særs krevjande situasjon. Eg har fylgd tilrådinga frå fylkesmannen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Vik og Bremanger vil få 7,5 millionar kroner kvar i ekstraordinært skjønn i 2011. Midlane skal gå til å dekke inn underskot. Kvar kommune kan likevel bruke inntil ein million kroner til næringsutvikling.

- Vik og Bremanger har hatt store kutt i budsjetta. Dette har òg gått utover ressursane kommunane kan bruke på næringsutvikling. Utan eit lokalt engasjement for næringsutvikling, kan kommunane kome i ein enda verre økonomisk situasjon enn dei allereie er. Derfor opnar eg, som eg har gjort dei to siste åra, for at dei kan bruke inntil ein million kroner kvar av skjønnsmidlane til dette, seier Navarsete.

Vik og Bremanger har tidlegare motteke 22 og 29 millionar i ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten i etterkant av den såkalla Terra-saka. Blant dei andre involverte kommunane har Hattfjelldal motteke 8 millionar kroner, Narvik 15 millionar kroner og Hemnes 4 millionar kroner. I tillegg har dei fem kommunane fått dispensasjon til å dekke inn underskotet over ein lengre periode.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.