Historisk arkiv

Gode døme på internasjonalt samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Interreg-prosjekt set spor etter seg mellom anna i form av nye tenestetilbod og endra arbeidsmåtar i fylkeskommunane. Dette er ein av konklusjonane i ein fersk rapport frå International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Interreg-prosjekt set spor etter seg mellom anna i form av nye tenestetilbod og endra arbeidsmåtar i fylkeskommunane. Dette er ein av konklusjonane i ein fersk rapport frå International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Interreg er eit europeisk samarbeidsprogram for å fremje regional utvikling gjennom samarbeid på tvers av landegrenser. IRIS har det siste året, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet studert kva Interreg-prosjekta har å seie for regionalt utviklingsarbeid i fylkeskommunane.

- Funna i rapporten vekkjer tillit til det gode arbeidet som fylkeskommunane gjer gjennom internasjonalt samarbeid seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Interreg-programma har vore ein del av det regionale utviklingsarbeidet sidan 1996.

- Programma har gitt nye impulsar til norsk regionalpolitikk med omsyn til arbeidsmåtar, samarbeid, partnarskap og langsiktig tenking. Det omfattande engasjementet og den faglige interessa har auka vesentleg sidan oppstarten, seier kommunal- og regionalministeren.

IRIS sin studie syner mellom anna at deltakinga i Interreg-prosjekt har medverka til å utvikle nye tiltak for å fremje næringsutvikling, gjennom til dømes Sogn og Fjordane si satsing på marine næringar. Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar, er eit døme på denne satsinga. Dette er eit samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka der målet er å kommersialisere nye oppdrettsartar. Vidare finst det døme på at fylkeskommunen gjennom Interreg-prosjekt har medverka til utvikling av tenestetilbod innan oppgåver som ikkje er lovpålagte, som til dømes Hedmark si medverking til utvikling og oppretthalding av eit svensk-norsk masterprogram ved høgskulen i Hedmark.

Elles finn ein i rapporten døme på prosjekt som har medverka til oppretting av nye grensekryssende bussruter (Bodø-Arvidsjaur-Haparanda-Torneå-Rovaniemi-Murmansk), prosjekt som har påverka fylkeskommunen sitt arbeid med kollektivtransport (planer om Bybane Stavagner –Sandnes) og oppretting av eit bokbusstilbod i dei sørsamiske delane av Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark.

- Døma viser at Interreg-prosjekt har ført til eit bredt spekter av resultat, og at programma støtter opp om ulike delar av arbeidet med regional utvikling.
- Eg les rapporten som at Interreg gir høve til å vidareutvikle dei oppgåvene fylkeskommunane har, og at prosjekta gir resultat som varar utover prosjektperioden. Eg vonar at me også framover kan sjå slike gode resultat av samarbeidet avsluttar Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.