Historisk arkiv

Krødsherad får 1 200 000 kr i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Krødsherad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Krødsherad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. - Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

K4: Kreativt kunst- og kultursenter i Krødsherad får 1 200 000 kr
Prosjektet har fokus på kulturbasert stad- og næringsutvikling og inkludering av innvandrarar. Gjennom prosjektet skal det etablerast eit kunst- og kultursenter som skal innehalde ei rekkje ulike element. Nokre eksempel er kulturarbeidsplassar og kreative yrker, kvinnearbeidsplassar, fleirkulturelle arbeidsplassar og høve for innvandrarar til å vise tradisjonar og kultur, kurs/opplæring/kompetanseoverføring av kunst, handverk, gamle teknikkar, immateriell kulturarv og design med meir.

Dette er eit bredt prosjekt med ei rekkje konkrete tiltak . Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.