Historisk arkiv

Tilgjenge til vallokala er bra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Veljarar med nedsett funksjonsevne er jamt over nøgde med tilgjenge og tilrettelegginga av vallokala ved årets kommunestyre- og fylkestingsval.

Veljarar med nedsett funksjonsevne er jamt over nøgde med tilgjenge og tilrettelegginga av vallokala ved årets kommunestyre- og fylkestingsval.

Det viser ei undersøking gjennomført av TNS Gallup på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Totalt har 1089 veljarar delteke i undersøkinga. Målgruppa var veljarar med synshemmingar og veljarar som er rørslehemma.

Funn frå undersøkinga viser mellom anna:

  • 80 prosent av dei rørslehemma og 86 prosent av dei med synshemmingar opplevde ingen fysiske hindringar ved inngangen til vallokalet.
  • 93 prosent av dei rørslehemma og 92 prosent av dei med synshemmingar opplevde ingen fysiske hindringar inne i vallokalet.
  • Omlag 87 prosent var nøgd med hjelpa dei fekk frå valfunksjonærane.
  • Det store fleirtalet opplevde at vallokalet var godt tilrettelagt. Det gjorde at dei kunne røyste på det partiet dei ynskte utan at nokon andre trong å vite kva for eit parti det var.
  • 46 prosent av rullestolbrukarane meinte at tilrettelegginga av vallokala har blitt betre.

- Universell utforming og god tilrettelegging ved val har vore prioritert ved dette valet. Det er derfor gledeleg å sjå at veljarar med behov for særskilt tilrettelegging i så stor grad er nøgde. Likevel er vi ikkje i mål. Tilgjenge må bli endå betre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Alle skal kunne delta i val og ha lik tilgang til vallokala. Tilgjenge kan framleis bli betre.

- Det er kommunane som har ansvar for at alle har tilgjenge til vallokalet. No har kommunane to år på seg på å gjera at alle har dette tilgjenge ved neste val, seier Navarsete.

Undersøkinga viser at somme rørslehemma opplevde hindringar ved inngangen eller på veg inn til vallokalet. Talet var høgast blant veljarar som er sterkt rørslehemma. Ein del veljarar med synshemmingar meiner at merkinga av hyllene med røystesetlar kunne vore betre, at det mangla informasjon om korleis ein røster i vallokalet eller at det var vanskeleg å lese røystesetlane.

Dette vil departementet sjå nærare på i samband med evalueringa av valet. I denne evalueringa vil departementet mellom anna hente inn informasjon om tilrettelegging frå kommunane.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.