Historisk arkiv

Viktige endringar i vallova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa føreslår at den som er sett opp på ei vallista og ikkje ynskjer å stille til val, kan få sleppe. – Demokratisk deltaking bør vere basert på engasjement og fri vilje, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa føreslår at den som er sett opp på ei vallista og ikkje ynskjer å stille til val, kan få sleppe. – Demokratisk deltaking bør vere basert på engasjement og fri vilje, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I dag foreslår regjeringa fleire viktige endringar i vallova:

  • Gjer det enklare å få fritak frå å stille til kommune- og fylkestingsval
  • Krav til forsegling av valurner
  • Krav om at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokalet.

I lova har alle no plikt til å stille til val dersom ein blir nominert, sjølv om ein ikkje ønskjer det.

Reglane for å krevje fritak er strenge. Dette har ført til at fleire i realiteten må melde seg inn i eit anna politisk parti enn den lista ein er ført opp på, for å sleppe å stille til val. No ønskjer regjeringa ein generell fritaksregel.

– Det at nokon skal tvingast til å stå på ein valliste dei ikkje sympatiserer med, vil for mange opplevast som urimeleg og vere i strid med den einskilde si rettskjensle, seier Navarsete. - Vi ser at desse reglane har vore utnytta til å nominere kjende personar mot deira vilje for å få merksemd. Eg meiner slike episodar er uheldige både for dei involverte og for demokratiet.

Regjeringa foreslår også at alle valurner skal forseglast og at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokala. Dette er oppfølging av oppmodingar frå Organisasjonen for samarbeid og sikkerheit i Europa (OSSE) etter deira valobservasjon av stortingsvalet i 2009. Regjeringa ønskjer krav om forsegling av valurner på valdagen. I dag er det berre krav til forsegling ved transport og oppbevaring og ved førehandsrøystinga.

Regjeringa legg også fram forslag om å utelukke kandidatar som stiller til val frå å ha oppgåver i vallokala. Mange kommunar har brukt listekandidatar i valgjennomføringa tidligare.

- Det er viktig at dei som har ansvaret for gjennomføring av valet opptrer upartisk, og at veljarane har tryggleik for at dette er tilfelle. Sjølv om dette ikkje har vore eit stort problem i Noreg, meier eg dette er eit så viktig prinsipielt spørsmål at ei endring likevel er nødvendig, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For å gi kommunane tid til å områ seg og sikre at denne endringa ikkje fører til praktiske problem ved valgjennomføringa i haust, vil ikkje kravet om at listekandidatar ikkje får ha oppgåver i vallokalet tre i kraft før 1. januar 2012.

Det vert og føreslått einskilte tekniske endringar i reglane for manntal og fristberekning. Forslaga har vore ute på brei høyring i haust.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.