Historisk arkiv

115 000 kroner til Rendalen kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Forprosjekt - Lokal park Rendalen” er eit av forprosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Forprosjekt - Lokal park Rendalen” er eit av forprosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.

Forprosjektet skal avdekkje korleis Rendalen kan etablere eit grunnlag for "lokal park" som verktøy/strategi for langsiktig og forpliktande samfunnsutviklingsarbeid i Rendalen.

Målet for forprosjektet er å motivere for ein meir langsiktig og forpliktande satsing på nærings- og samfunnsutvikling i Rendalen som byggjer på Rendalens natur- og kulturverdiar. Dersom forprosjektet lukkast med motiveringsarbeidet, vil Rendalen nå resultatemålet for forprosjektet. Resultatmålet er å få på plass ein underteikna samarbeidsavtale som har eit innhald som legg grunnlag for satsing på park som utviklingsstrategi.

- Dette er eit interessant forprosjekt. Eg ser fram til at forprosjektet avdekkjer om lokal park kan vere eit veleigna verkty for Rendalen til å drive samfunnsutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 - Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.