Historisk arkiv

125 000 kroner til Stalheim Landskapspark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Forprosjekt - Frå frø til øl og brød” er eit forprosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet  til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Forprosjekt - Frå frø til øl og brød” er eit forprosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.

Gjennom Stalheim oppleving skal ein tilby kursing og opplevingar knytt til økologisk dyrking av korn og humle. Målet er å få fram fleire produsentar av lokal mat, som kan levere til reiselivsverksemder i området. På dette viset kan ein i området tilby meir lokal og kortreist mat. På lengre sikt ynskjer ein å etablere eit opplevingssenter, der folk kan oppleve baking, matlaging og brygging. 

Stalheim landskapspark ynskjer å ta vare på gamle tradisjonar og styrkje reiselivsproduktet i heile området rundt Stalheim, med fleire, lokalt baserte aktivitetar. Det vert òg planlagt eit eige prosjekt retta mot skuleklassar. Stalheim landskapspark er allereie etablert, og har ressursar som gjer at dei kan kome raskt i gang med arbeidet.

- Det vert spanande å sjå kva dette prosjektet vil ha å seie, både for styrking av reiselivsverksemda i området, men òg for utvikling av lokal stoltheit og identitet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.