Historisk arkiv

565 000 kroner til Regionalpark Haldenkanalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Regionalpark Haldenkanalen” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet  til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Regionalpark Haldenkanalen” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.

Langs Haldenkanalen set dei no i gang fleire forstudier for å vidareutvikle potensialet som ligg i området knytt til kanalen. Med støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) får dei sett i verk fleire konkrete prosjekt. Dei skal mellom anna gjennomføre ei nærings- og stadanalyse for Haldenkanalen. I eit forprosjekt vil dei sjå på potensialet som ligg i å knytte Haldenkanalen opp mot Dalsland Kanal. Dei skal óg lage ein merkevarestrategi som skal bidra til å løfte profilen til heile området.  

- Langs Haldenkanalen er det ambisiøse planar og eit stort engasjement kring etableringa av regionalparken. Prosjekta deira byggjar opp under parkkonseptet på ein god måte, og vi ynskjer dei lukke til vidare med dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.