Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Meirkostnad for passivhus kan vere lågare enn antatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein ny rapport tyder på at det kan vere lågare meirkostnader enn tidlegare antatt ved å gå frå dagens energikrav til meir energieffektive passivhus.

Ein ny rapport tyder på at det kan vere lågare meirkostnader enn tidlegare antatt ved å gå frå dagens energikrav til meir energieffektive passivhus.

Ein einebustad på 100 m2 kan få ein meirkostnad på 80 000 kroner, i motsetnad til tidlegare overslag på 150 000 og 120 000 kroner. Rapporten reknar at meirkostnaden ved å bygge ein einebustad som passivhus kan vere tent inn etter 12 år, grunna lågare energiutgifter. 

- Tala tyder på at energieffektive passivhus er meir lønsame enn antatt. Det er positivt! Rapporten gjev eit grunnlag for vidare arbeid med framtidas energikrav, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.  

Rapporten syner at det er relativt kostbart å rehabilitere eldre bygg til eit lågt energibehov. Men dersom energisparetiltaka gjerast i samband med andre tiltak, blir kostnaden lågare. Det er nemleg rigg, riving og stillas som kostar mest når ein skal rehabilitere eldre bygg.

Forskingsrapporten ”Kostnadsoptimalitet. Energiregler i TEK” er skrive av Multiconsult og Sintef Byggforsk på oppdrag frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Den gjev ei forenkla analyse av lønsemda til ulike energitiltak, og ut frå dette ei berekning av kor lang tid det vil ta å tene inn meirkostnaden.

Rapporten vil vere ein del av grunnlaget for endringane regelverket, som er varsla framover.

Rapporten kan lastast ned her

Les også: Gode erfaringer med passivhus

Til toppen