Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Norske standpunkt til EUs utkast til nye retningslinjer for regionalstøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I samband med at EU reviderer regelverket for regionalstøtte, har Noreg sendt sine posisjonar til EU sitt generaldirektorat for konkurranse. Regelverket er mellom anna viktig for framtida for ordninga vi har med differensiert arbeidsgjevaravgift og verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

I samband med at EU reviderer regelverket for regionalstøtte, har Noreg sendt sine posisjonar til EU sitt generaldirektorat for konkurranse. Regelverket er mellom anna viktig for framtida for ordninga vi har med differensiert arbeidsgjevaravgift og verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

For Noreg er den differensierte arbeidsgjevaravgifta den viktigaste distriktspolitiske ordninga. Noreg har nytta alle høve til å argumentere overfor EU-kommisjonen for at kriteria med låg folketettleik må bli ført vidare i det nye regelverket. I sitt utkast til nye retningslinjer kjem generaldirektoratet for konkurranse Noreg i møte. I brevet som er sendt støttar Noreg sjølvsagt dette forslaget.

Det var likevel ikkje alt i forslaget som Noreg støttar. Noreg går imot generaldirektoratet for konkurranse sitt forslag om å redusere dei maksimale grensene for offentlig investeringsstøtte til små og mellomstore bedrifter med 5 prosentpoeng. Noreg går også imot å fjerne høvet til å gje investeringsstøtte til store bedrifter.

I 2003 fekk Noreg pålegg frå EFTAs overvakingsorgan, ESA, om å avvikle ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift fordi ho var i strid med retningslinjene for regionalstøtte, og dermed også EØS-avtala. Frå 2007 opna EU-kommisjonen, etter bl.a. press frå Noreg, for å gje driftsstøtte til bedrifter i område med særs lågt folketal per kvadratkilometer. Og etter forhandlingar med ESA, fekk Noreg gjeninnført ordninga.

- Det er viktig for Noreg at regelverket gjev handlingsrom for å føre ein distrikts- og regionalpolitikk som sikrar busetnad og sysselsetting i heile landet. Eg er difor glad for at EU-kommisjonen legg opp til å føre vidare Noregs høve til å bruke differensiert arbeidsgjevaravgift og investeringsstøtte i område med spreidd busetnad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

EU-kommisjonen tek sikte på endeleg vedtak av retningslinjene før sommaren. ESA vil så vedta reglar for EFTA-landa, tidlegast i juni 2013.

- Noreg er annleislandet i Europa. At det bur menneske over alt er eit symbol for det norske. Spreidd busetnad er med på å definere Noreg sin identitet og attraktivitet. Dette arbeidet er difor høgt prioritert, seier statsråd Navarsete.