Historisk arkiv

Nye tal viser kva byggjekrava koster

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein ny rapport viser at meirkostnaden for krava i dei nye byggjeforskiftene er langt lågare enn det enkelte utbyggjarar har presentert i media.

Ein ny rapport viser at meirkostnaden for krava i dei nye byggjeforskriftene er langt lågare enn det enkelte utbyggjarar har presentert i media.

Regjeringa har mål om betre kvalitet i nye bustader og bygg. Difor er mellom anna krava til meir tilgjengelege bustader skjerpa inn dei siste åra, sist i 2010. Det har vore debatt rundt kva høgare kvalitetskrav har betydd for byggjekostnadene.

Ein ny rapport utarbeidd av AS Bygganalyse og 4B arkitekter på oppdrag frå Direktoratet for byggkvalitet viser at det har vore svært ulike tal og perspektiv på kva krav til betre kvalitet vil koste i auka byggjekostnader.

Enkelte aktørar har i media hevda meirkostnader på 6 000 til 12 000 kroner per kvadratmeter bruttoareal. Dei nye tala viser derimot ein meirkostnad på 1000 kroner per kvadratmeter. Det tilsvarar 50 000 kroner for ei leilegheit på 50 kvadratmeter.

Utrekningane viser dermed konkret at krava til tilgjengelege bustader kan byggjast til lågare kostnader enn det som har vore presentert i media av enkelte utbyggjarar.

- Nye bustader utgjer berre éin prosent av bustader på marknaden. Det er  meir enn nok bustader som ikkje er tilgjengelege. Me veit at det kjem ein stor vekst i eldregruppa, difor er det viktig å byggje det me treng for framtida og satse på høg kvalitet når me skal byggje nytt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Sjå berekninga frå AS Bygganalyse og 4B arkitekter her: Kostnadsvurdering av boligblokk