Historisk arkiv

Prosjekt mot korrupsjon får 1,3 millionar kroner i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

KS får 1,3 millionar kroner til å vidareføre forprosjektet ”Åpenhet, integritet og antikorrupsjon i kommunesektoren” i eit hovudprosjektet i 2013.

KS får 1,3 millionar kroner til å vidareføre forprosjektet ”Åpenhet, integritet og antikorrupsjon i kommunesektoren” i eit hovudprosjektet i 2013.

- Mange kommunar arbeider systematisk med å førebyggje og avdekkje korrupsjon. Uønska hendingar skjer likevel i kommunane. Difor må arbeidet med etikk, eigenkontroll og internkontroll i kommunane skje kontinuerleg og systematisk over tid, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Departementet har tidlegare støtta forprosjektet til  KS med 1 145 000 kroner. 

- Vi vil medverke til å leggje til rette for høg etisk standard i kommunane. Difor gjev vi pengar til å utvikle  gode verktøy for å redusere og avdekkje korrupsjon, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I søknaden heiter det at KS saman med Transparency International vil nytte kunnskapen frå forprosjektet og ei nylaga antikorrupsjonshandbok i eit prosjekt som vil omfatte omlag 30 kommunar fordelt på tre-fire nettverk. Målet er at  kommunane skal implementere dei verktøya som er utvikla.

- Eg har tru på at nettverksarbeidet medverkar til at kunnskap om antikorrupsjonsarbeid blir spreidd på eit godt og lærerikt vis i kommunane, seier Navarsete. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.