Historisk arkiv

Fleire skal få ein trygg heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Klassekampen 24.02.2009.

Ikkje alle bur trygt og godt i Noreg i dag. Det er uverdig – og det treng ikkje å vera slik. Men løysinga krev meir enn berre økonomiske midlar.

Bustadlause og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden er ikkje ei einsarta gruppe. Årsaka til at ein blir vanskelegstilt varierer, alt etter kva situasjon den einskilde er i. Om lag 60 prosent av dei bustadlause slit med rusmiddelmisbruk og psykiske lidingar. Andre vanskelegstilte treng berre økonomisk støtte for å betala buutgiftene sine. Vi treng såleis ei rekkje løysingar, noko som stiller store krav til hjelpeapparatet.

Det er kommunane som har hovudansvaret for å skaffa bustader til dei som ikkje greier det sjølve. Dette gjeld også den hjelpa som trengst for at dei skal kunna meistra buforholdet. Mange kommunar slit med dette arbeidet. Situasjonen er alvorleg.

Alle kommunar er forplikta til å finna mellombelse butilbod for dei som ikkje klarer det sjølve. Presset på slike butilbod er høgast i storbyane. Media har den siste tida vist til personar som bur ute på gata, sjølv i mange minusgrader. Dette er ein situasjon vi ikkje kan slå oss til ro med.

Eg har hatt fleire møte med mellom anna leiinga i storbyane om korleis vi best kan førebyggja og avskaffa bustadløyse. Mitt inntrykk er at storbyane tek utfordringane på alvor og arbeider aktivt med å betra situasjonen. Denne oppfatninga blei understøtta av sosialbyråd i Oslo kommune, Jøran Kallmyr, då han budde ei natt på hospits for å undersøkja kvifor fleire bustadlause vel å ikkje nytta seg av tilbodet. Viljen i kommunane er til stades.

Kommunane treng gode statlege støttespelarar for å kunna gjera ein god jobb. Dette gjeld både arbeidet med oppfølgingstenester og framskaffing av gode bustader. Som bustadminister vil eg framhevja at Husbankens viktigaste oppgåve er å støtta opp om kommunane sitt bustadsosiale arbeid.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er at kommunane disponerer for få bustader. Difor har vi i 2009 meir enn dobla innsatsen når det gjeld utleigebustader. Målet er 3000 nye utleigebustader til vanskelegstilte, mot under 1000 i 2008. Eg ber kommunar og friviljuge organisasjonar om særleg å vera merksam på følgjande: Medan det ordinære tilskotet gjennomsnittleg er på 20 prosent, kan det ytast opp til 40 prosent til bustadprosjekt som gjeld bustadlause og andre personar som treng oppfølging.

Frå 1. juli 2009 innfører vi ei ny og betre bustøtte. 50 000 nye husstandar, i tillegg til dagens omlag 100 000, er venta inn i ordninga. I tillegg aukar vi Husbanken si låneramme frå 12 til 14 milliardar kroner, der startlånet har førsteprioritet. Kommunane kan låna så mykje startlån dei vil for vidare utlån til unge og vanskelegstilte.
Desse tiltaka løyser ikkje alle problem. Men med vilje til stades, gode erfaringar å byggja på og betre økonomiske rammer enn nokon gong, må vi kunna forventa eit år med resultat som betyr mykje for mange.