Historisk arkiv

Ny bustøtte vil hjelpa fleire

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 01.07.2009.

Bustøtta vert kraftig utvida 1. juli. Det vil vera eit viktig bidrag for å hjelpa dei som slit på bustadsmarknaden med låge inntekter og høge buutgifter.

Bustøtta er det viktigaste og mest målretta tiltaket som sikrar folk bustad. Når ho no vert utvida, vil opp til 50 000 fleire husstandar få støtte til å halda på heimen sin. Desse kjem i tillegg til dei vel 100 000 som allereie får støtte i dag.

Meir enn ein milliard kroner til auka bustøtte er eit avgjerande tiltak mot fattigdom.

Dei nye som kjem til er rundt 10 000 nye barnefamiliar og 40 000 åleinebuande og par utan barn. Dei vil få i gjennomsnitt om lag 2000 kroner i støtte per månad. Styrkinga av bustøtta vil vera til stor hjelp for unge og andre med svak økonomi som skal etablera seg i eigen bustad.

Dette er samstundes ein tryggleik for kommunane. Leigarar i kommunale bustader vert sette betre i stand til å handtera leiga. Det gir kommunane eit betre økonomisk grunnlag for å investera i fleire kommunale utleigebustader.

Det er naudsynt. Det står framleis vanskelegstilte i kø for kommunal bustad.

Nye søkjarar må venda seg til kommunen der dei bur for å søkja bustøtte. Fyrste søknadsfrist etter dei nye reglane er 14. juli. Deretter er søknadsfristen den 14. i kvar månad. Søkjarar som allereie får bustøtte treng ikkje føreta seg noko. Fyrste utbetaling etter dei nye reglane kjem rundt 10. august.

Ei overgangsordning sikrar at dei som fekk bustøtte i månaden før omlegginga får minst like store utbetalingar i månaden etter og eitt år framover. For nokre, mellom anna dei som har mykje ”pengar på bok”, vert overgangsordninga etter eit år avkorta med 20 prosent årleg dei neste fem åra. Om lag 54 000 av dei vel 100 000 husstandane som får bustøtte i dag har glede av overgangsordninga.

Eigen bustad - og ein eigen heim - er ein grunnleggjande føresetnad for å kunna fungera i samfunnet, anten det gjeld i arbeidslivet eller på andre arenaer som gir livet meining.

Når ei ny bustøtte no er på plass, vert 2009 for alvor eit bustadsosialt år. Saman med auka rammer for startlån og tilskot til utleigebustader, kjenner eg meg trygg på innsatsen frå den raudgrøne regjeringa på bustadområdet utgjer ein stor forskjell for mange vanskelegstilte.